volda

Volda Jeger og Sportsfiskarlag

  • Opne elvar til sommaren

    I Direktoratet for Naturforvaltning sitt forslag for fisketider i elvane, går dei inn for å opne dei elvane i Volda som var stengde for fiske i 2011. Fisketider ser ut til å bli 15.6 - 15.7. Dermed ligg det ann til at bl.a Fyrdselva i Austefjorden vert opna, etter at den var stengd i 2011 på trass av at det vart registert mykje fisk i elva då.

    Les mer

  • Kom og skyt med jaktsimulator

    Fredag 11.nov kan du kome til Aktivitetsnaustet på Årneset for å skyte med simulator. Dei yngste kan kome kl. 18. For dei som er over 18 år kan kome først k. 19.30.

    Les mer
  • Ope hus i Klekkeriet laurdag 5.11

    Det vert ope hus i Klekkeriet laurdag 5.11.11 kl. 15 - 16.00. Klekkeriet held til i kjellaren i Volda Ungdomsskule. Alle som er interessert i å sjå inn i Klekkeriet er velkomne. Spesielt inviterte er alle barn og ungdom som vil lære korleis ein lager laks og aure!! No er det tid for å befrukte rogna med melke.

    Les mer
  • Haustfest 5. november- med skipper Yksnøy

    Laurdag 5. november kl 20 blir det haustfest i Aktivitetsnaustet. Då kjem tidlegare ungdomsleiar i Volda Jeger og SFL Henrik Yksnøy for å fortelje frå si eventyrlege ferd med seglbåten Fri inspirasjon som selgla frå Volda til Karibia og heim.

    Les mer
  • Vil du bli jeger?

    Det vert nytt jegerprøvekurs i Volda med oppstart i månadsskiftet februar/mars 2012. Alle som tok jegerkurset i haust stod med god margin - vi gratulerer.

    Les mer
  • Jaktleiarkurs i Ørsta 18. og 19. november

    Vartdal Utmarkslag arrangerer jaktleiarkurs 18. og 19. november 2011. Kurset er utarbeidd av Skogbrukets Kursinnstitutt (SKI) Vi har enno ikkje bestemt oss for kurslokale sidan vi ikkje veit kor mange kursdeltakarar som kjem. Vi må ha 25 påmelde om vi skal kunne arrangere kurset. Kursavgifta blir på kr 900,- og skal betalast inn på førehand. Det kan vere aktuelt å dekkje delar av avgifta frå viltfondet.

    Les mer
  • Kom og fisk på laurdag 18.6

    Laurdag 18. juni er det Fiskesommerarrangement for barn og unge på Flyndrekaia i Volda sentrum frå kl. 12 - 15.00. Ta med flytevest. Vi har fiskeutstyr til låns og premiar til alle.

    Les mer
  • Bruk båtane

    Lagsbåtane ligg og ventar på deg. På Årneset ligg det to båtar på vatnet. No har vi fått ei flytebrygge på plass her. Inne i Austefjorden er motorbåten no teken på land for vinteren.

    Les mer
  • Redningspeng til veggmåleri

    Sparebank1 Søre Sunnmøre har gitt 25.000 kroner til Volda Jeger og Sportsfiskarlag, slik at freskomåleria på klekkeriet til laget kan reddast. Måleria er frå 1962 og er måla av Per Nesje Nilsen. Klekkeriet held til i kjellaren på Volda Ungdomsskule.

    Les mer
  • Stor skytemesse i Sollidalen mandag 23. mai

    Jeger og Fritid AS inviterer til stort skytemesse i Sollidalen skytebaner mandag 23. mai kl. 16.00 - 20.00 Då kjem Norma med ein store trailer fullasta med våpen og utstyr. Keneth Aspestrand som er tredobbel verdsmeister i trickskyting vil drive med skyteshow. Sjå annonse ved å klikke deg vidare.

    Les mer
Les flere nyheter i nyhetsarkivet


volda


Synspunkter på lokallagets sider er ikke nødvendigvis representative for NJFFs offisielle syn
For uttalelser om NJFFs politikk, se www.njff.no eller kontakt NJFF sentralt (tlf. 66 79 22 00).
 
Norges Jeger- og Fiskerforbund, Hvalstadåsen 5, Pb. 94 1378 Nesbru
Tlf: 66 79 22 00 Fax: 66 90 15 87, E-post: njff@njff.org