Oddbjørn Mulen frå Førde landsdelsmeister
Mulen skaut seg til første plass med 337 poeng i LM i nordisk jaktskyting på Eid i helga. Nummer to vart Magnar Nyttingnes frå Eid med 329 poeng.
Oddbjørn Mulen er i god skyteform i år også, og hankar inn landsdelsmeistertittelen etter å ha blitt fylkesmeister i same grein.
Nordisk Jaktskyting er ei vanskeleg grein der ein skal vere treffsikker med både med hagle og rifle.
Beste junior vart Markus Mulen frå Førde jfl med 233 poeng og beste kvinne Birte Nydal frå Åsane med 249 poeng.
Total liste finn ein nederst i relaterte filer.
Publisert: 26-MAY-09
Oppdatert: 26-MAY-09
Utskriftsvennlig versjon