Ørnedrepte jakthundar
Minst 2 jakthundar i Sogn og Fjordane er drepne av ørn i løpet av ei veke rundt jul. I tillegg er ein hund antagleg prøvd teken av ørn, men klart seg. Folk vert oppmoda om å passe særskilt på kjæledyra sine i kuldeperioden.
Ein tysk jaktterrier forsvann under hjortejakt i Luster på tampen av året 2009. Ho vart teken av ei kongeørn. Jakthunden hadde tidlegare i jaktsesongen hatt nærkontakt med ørn to gonger.
På nyttårsaftan vart ein dachs drepen av kongeørn på Flofjellet. Hunden hadde teke seg ein avstikkar åleine då familien som var på skitur, snudde nedatt til bygda.
Ein beagel vart i starten av januar, berga ned frå fjellet på austsida av Fjærlandsfjorden. Det viste seg at hunden hadde tydelege merke på ryggen og i nakken frå ørneklør, ifølge fjelloppsynnsmann Einar Fortun.
Fortun fortel til Sogn Avis at ørnebestanden har auka dei siste åra, særleg vinterstid er det innslag av både havørn og kongeørn mange stader.
Søknadane om erstatning for husdyr som er tatt av ørn, er nesten dobla det siste året, det også kan tyde på at stammen har auka.
Det har vore kaldt ein lengre periode no, og det kan sjå ut til at ørna har blitt meir nærgåande og velger seg husdyr / kjæledyr som bytte meir no enn elles. Oppmodinga vert difor å passe spesielt godt på dyra for ørn no i kuldeperioden.
Kjelder:
Sogn Avis
Fjordingen
NRK Sogn og Fjordane
Publisert: 12-JAN-10
Oppdatert: 12-JAN-10
Utskriftsvennlig versjon