artikkel

NJFF Sogn og Fjordane

Sjøørretkonkurranse 26.-27. april


Til helga vert sportsfiskarar igjen samla til eit flott våreventyr langs fjord og kyst. Det er 8 sekretariat i Sogn og Fjordane der ein kan melde seg på og måle /levere bilete av fangst av sjøaure. Det har ingen betydning kvar du melder deg på, så lenge du måler/leverer fangstbilete på same sekretariat. Hugs minstemålet og vi oppmodar sterkt at alle deltakarane set ut att vinterstøingar!

Fisketid: frå laurdag kl 12.00 til søndag kl 10.00

Påmelding ved eit sekretariat laurdag kl 12.00 dersom anna ikkje er oppgitt.

Delinnmåling av fisk kl 16.00 og 22.00, samt ved fiskeslutt.

Arrangør: Sekretariat ved: Kontaktperson: Anna:
Askvoll og Holmedal jfl Øyra i Askvoll sentrum Roald Nordeide,            97551704 Fiskearr. for barn på Eidet søndag kl 14
Flora jff Klubbhuset, Furuholmen Otto Åge Bergstrøm, 97165156  
Førde jfl Erdal Jan Kai Torvanger, 91703466

Lokale premiar i tillegg. Påmelding laurdag frå kl 11.00

Gloppen jfl Sandneset, Rygg Jens Gule,                      91350826 Lokale premiar
Leikanger jfl Aarskogbygget, Leikanger Jan Magne Vigdal, 95259791 Lokale premiar i tillegg
Naustdal jfl ICA i Naustdal Arne Runde,                  48868995 Kaffe, brus og kjeks i sekretariatet
Sogndal jspfl Fiskehytta i sentrum Knut Christiansen, 92027923  
Stryn og Hornindal jspfl Skarsteinkaia i Olden Arvid Pedersen,             41569889  

 

Her finn du Konkurransereglar

Her finn du oversikt over Premiar

 

Hugs det generelle minstemålet på 35 cm. Får du ein sjøaure som er 35 cm eller kortare, skal den setjast ut att. Minstemålet gjeld heile året, ikkje berre under denne konkurransen. Deltakarane må også hugse den generelle 100 meters regelen om fiske frå elv og bekk. Der sjøaure og laks går opp, skal ein halde ein avstand på 100 meter.

 

I Sogn og Fjordane er sjøauren i tilbakegang, mykje på grunn av lakselus. Vi oppfordrar derfor sterkt å setje ut at vinterstøingar og fisk som er lang og tynn - og som uansett eignar seg dårleg til matfisk. Får du ein slik fisk, ta bilete av den saman med målebåndet du fekk utlevert ved påmelding og set fisken forsiktig ut att.

 

Målet med sjøørretkonkurransen er å få flest mogleg ut på ein hyggeleg fisketur, og å setje fokus på sjøauren som ein ressurs vi må ta vare på. Interesserte fiskarar er dei beste fiskeforvaltarane! Kvar og ein som bidreg for sjøauren, gjer ein verdifull innsats for å sikre sjøauren si framtid.

 

 

Skitt fiske!

Publisert: 24-APR-08 Oppdatert: 24-APR-08 Reidun Solberg Seim Utskriftsvennlig versjon




 
NJFF - Sogn og Fjordane Rygg, 6823 SANDANE
Tlf: 57 86 83 55, faks 57 86 94 94, E-post: sognogfjordane@njff.org