Arrangement i Sogn og Fjordane
Nederst på denne sida kan du søke etter kurs som lokallaga og fylkeslaget i Sogn og Fjordane arrangerer. Rett nedanfor her finn du informasjon om kurs og aktivitetar som fylkeslaget arrangerer. Følg linkane (overskrifta til kvar aktiviet) for meir informasjon.
Takseringskurs
Dato ikkje sett. Kurs for dei som skal vere med å taksere rype og skogsfugl. I starten av kurset vil ein gå gjennom grunnleggande bruk av GPS - denne biten kjem i tillegg til sjølve takseringskurset.
Kurset gjev "autorisasjonskort" som syner at du har gjennomgått utdanning i:
- Bruk av Distance sampling som takseringsmetode
- Kvalitetskrav til førar
- Kvalitetskrav til hund, m/saureinhetsbevis
- Utfylling av takseringsskjema / kvalitetskrav
- Ansvar og rapportering
- Korleis velge takseringsområde og legge takseringslinjer
- Kort om forvaltning av småvilt
- Bruk av GPS til taksering
Deltakarane må ta med seg GPS.
Deltakaravgift: kr.
Kurs i Naturmangfaldlova
3. mars, Skei.
Kurs for lokale jakt- og fiskelag og andre organisasjonar som ynskjer å lære meir om naturmangfaldlova og bruk av denne i planarbeid og høyringsuttalar.
Påmelding til sognogfjordane@njff.org 57 86 83 55 / 970 76 702.
Start kl 18.00 på Skei Hotel, slutt ca. kl 22.
Vinterprøve fuglehundar
5.-6. mars 2011, Gaularfjell.
Påmelding innan 20. februar til Robert Veseth, Krokåsen 20, 6900 Florø. robe-ves@online.no.
UK / AK. Prøve nr. 50-11008. Deltakaravgift kr. 375, betalast til konto 3705.18.49591
Fagdag Jervejakt og Sporing av store rovdyr
Dato litt usikker, men går utifrå 26. mars. Stad: Skei
Lær frå jervejeger korleis ein kan lukkast betre med jervejakt. Båsfangst og åtejakt. Går også innom jervens biologi og atferd, spor og sporing. Lover som ein må vite ved jervejakt og båsfangst. Etter første del om jervejakt, vert temaet sporing av store rovdyr. Her vert temaene: Bestandsstatus, SNO sine retningsliner i sporingsarbeid, forvaltningsplan, biologi og atferd som er relevant for overvaking (ulv, bjørn, gaupe og jerv), artsbestemming, antalbestemming, skjemaføring og rapportering.
Påmelding og informasjon: NJFF -Sogn og Fjordane, 57 86 83 55 / 970 76 702, sognogfjordane@njff.org
Instruktørkurs Flugekasting
29.-30. april.
Kurs for dei som skal utdanne seg til lokale instruktørar i flugekasting. Ynskjer du kun å bli ein betre flugekastar, er det høve til det.
Deltakaravgift kr. 1500, denne inkluderer ikkje overnatting og mat før og etter kurset.
Påmelding innan 1. april til NJFF -Sogn og Fjordane, 57 86 83 55 / 970 76 702, sognogfjordane@njff.org
Instruktørkurs Ettersøk
8.-10. april, Skei
Kurs for dei som skal utdanne seg til lokale instruktørar innan ettersøk. Krev at ein har fullført grunnkurs jakthund eller NKK sitt trinn1 kurs.
Deltakaravgift: kr. 1500, denne inkluderer ikkje overnatting og mat før og etter kurset.
Påmelding innan 15. mars til NJFF -Sogn og Fjordane, 57 86 83 55 / 970 76 702, sognogfjordane@njff.org
Instruktørkurs Dressur
6.-8. mai, Førde (tid og sted litt usikkert)
24 timers kurs, teoretisk og praktisk opplæring av hund og eigar med vekt på praktisk innlæring. Målgruppa: aktuelle instruktørar for jakthunddressur i lokallaga og jakthundeigarar som ynskjer å tileigne seg meir kunnskap og ferdigheiter om jakthunddressur. Meir info vil bli lagt ut med link herifrå.
Deltakaravgift: kr. 1500, denne inkluderer ikkje overnatting og mat før og etter kurset.
Påmelding innan 1. april til NJFF -Sogn og Fjordane, 57 86 83 55 / 970 76 702, sognogfjordane@njff.org
Vidaregåande kurs Ettersøk
17.-19. juni, Kråkenesmarka i Førde.
Følg linken i overskrifta for meir informasjon.
Publisert: 27-JUN-07
Oppdatert: 03-MAR-11