|
|
|
-
Førde jfl kallar inn til ekstraordinært årsmøte, måndag 14.mai kl. 20.00. Årsmøtet vert halde på Fritidshytta i Kråkenesmarka.
Under det ordinære årsmøtet 14. mars hadde vi dessverre ikkje fått ferdig rekneskapet. No er rekneskapet ferdig og har vore til revisor. Dette vert einaste sak under det ekstraordinære årsmøtet.
Les mer
|
-
18.-19. mai arrangerar ungdomsgruppa i Førde jakt - og fiskelag leir for ungdom i Holmevika!
Det blir: fisking, frileik,padling i kano, ut med båt, bading, bålkos + mykje anna kjekt!!
Leiren kostar 150 kr, og er frå ungdom frå 12 år og oppover :)
Leiren byrjar kl. 14.00 fredag 18. mai, og heimreise er kl. 14.00 laurdag 19. mai.
Vi har berre 20 plassar, så meld dykk på fort!
Les mer
| |
-
No er det på tide å byrje med treningsskyting!
Skytebanene til Førde jakt –og fiskelag i Kråkenesmarka opnar:
TORSDAG 26. APRIL
Les mer
|
|
|
-
Søndag 25. mars kl. 13.00 arrangerer undomsgruppa i Førde jfl skytedag for alle ungdomar som vil vere med å prøve å skyte litt med rifle eller hagle!
Det som kjem til å føregå er:
- Rask introduksjon av våpenbehandling.
- Skyting for dei som vil, med hagle eller rifle.
- Bål, med varm drikke og pølser i brød!
For å kome trenger du ingen kompetanse innan skyting eller våpenbehandling, vi stiller med erfarne instruktørar!
Er du under 18 år og ynskjer å delta lyt du få ei skriftleg løyve frå føresatte med deg.
PÅMELDINGSFRIST – torsdag 22. Mars!!
Les mer
| |
-
No er det mogeleg å melde seg inn i gruppa til Førde jfl på facebook, om du sjølv er der :)
Der får vi kjapt lagt ut informasjon om aktivitetar i laget - og det er enkelt å kommentere eller stille spørsmål til oss.
Bli med!
Les mer
|
-
På årsmøtet til fylkeslaget fekk Førde jfl, saman med Gloppen jfl og Hyen jfl utdelt barne - og ungdomsprisen for 2011. Det var utruleg overraskande, men svært gledeleg. Saman med NJFF - Sogn og Fjordane har vi vore medarrangør 10 år på rad. Den har vore ein suksess frå første stund og er svært viktig for rekrutteringa til jak - og fiskemiljøet.
Les mer
| |
-
Kallar med dette inn til årsmøte i Førde jfl måndag 12. mars kl. 18.00. Fritidshytta i Kråkenesmarka. Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 27.februar. Send event. til lailatefre@hotmail.com eller torunnrygg@hotmail.com. Enkel servering. Gamle og nye medlemer velkomne! SAKLISTA ER NO LAGT UT!
Les mer
|
-
Førde jfl arrangerer jegerprøvekurs for nye jegerar. Første kurskveld er 29. februar kl. 18.00. Påmelding og meir informasjon får de ved å ta kontakt på tlf. 57722940 eller på e-post: post@vapenloftet.no
Kurset vert halde i møtelokale på sjukehuset. Om du ikkje får meldt deg på er det berre å møte opp denne dagen. Dei som melder seg på i god tid vil få tilsendt meir detaljert informasjon om kurset. Instruktørar er Leif Magne Aarnes og Herman Erdal.
Les mer
| |
-
Førde brukshundklubb skal saman med Førde jfl arrangere blodsporprøve den 21. april. I samband med prøva treng dei hjelp til å legge spor!!
Er det nokon som kan trå til her?
På forhånd takk for hjelpa!
Ta eventuelt kontakt med Ann-Kristin Gaare, ankrigaa@online.no eller Kjell Arne Rivedal kar.338wm@hotmail.no
Les mer
|
-
Det er ei god stund sidan årsmøtet i vår og det er på høg tid å presentere den nye leiaren i laget. Ho heiter Laila Tefre, er 36 år og tobarnsmor. Ho kjem frå Naustdal, men er busett i Førde. Laila er utdanna sjukepleiar og naturopath. Den store lidenskapen er hjortejakt, og ho har vore jeger sidan 1996. Ho har tidlegare vore kvinnekontakt i Førde jfl. Laila er elles eit friluftsmenneske, og brukar naturen både sommar og vinter.
Les mer
| |
-
Førde jakt-og fiskelag inviterer til ny skytekveld berre for damer! Har du aldri prøvd å skyte med hagle eller rifle har du sjansen no.
Vi ynskjer at fleire kvinner skal få oppleve jakt og friluftsliv. Skytetrening er eit viktig ledd i dette, og vi har i løpet av sommaren og hausten hatt fleire skytekveldar.
Les mer
|
-
Laurdag 21. mai kl 13.00 kjem Norma, Blazer, Zeiss og Våpenloftet til skytebana til Førde jfl i Kråkenesmarka. Her får du høve til å prøve utstyr og ulike våpen før du går til eit eventuelt innkjøp.
Les mer
| |
-
Førde Jakt og Fiskelag arrangerer havfisketur i havgapet, Laurdag 9. April.
Les mer
|
Les flere nyheter i nyhetsarkivet
|
|
|
|