|
|
|
-
Reslultatlista kan lastas ned her.
Les mer
| |
-
Grasrotandelen er ei ordning fra Norsk Tipping, kor du som registrert spelar kan velge eit lag eller ei forening som du ønskjer å støtte - din Grasrotmottaker. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i Stryn og Hornindal Jeger og Sportsfiskarlag. Organisasjonsnummer: 995602601
Du kan spele - Lotto, Tipping og Joker for eksempel - og samstundes gje noko meir til det laget eller den foreninga du sjølv ønskjer å støtte. Dette er no mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hjå Norsk Tipping, vil 5 % av innsatsen gå direkte til laget eller foreninga di (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje belasta for å være grasrotgiver. Du treng Norsk Tipping Spillerkort for å knytte deg til Grasrotandelen. Spillerkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no.
Vi oppfordrar deg til å knytte deg til ordninga allereie i dag, og du gjer det på ein av følgjande måtar:
1. Hjå Kommisjonær. Ha med org. nr 995602601
2. SMS: GRASROTANDELEN 995602601 til 2020 (tjenesa er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.
4. Norsk Tipping Mobilspill.
Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no.
Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!
Stryn og Hornindal Jeger og Sportsfiskarlag
Organisasjonsnummer: 995602601
Les mer
|
|
|
-
Leirdueskytinga starter opp på mandag 11. mai kl 18.00. og vil bli kvar mandag fram til ferien.
Sted som tidligare. Stryn skytebane, bøanedsetra.
Terminliste vil bli publisert seinare
Les mer
| |
-
Vi var 11 stk på årets tur. Alle ankom fredagen og tok inn på hytter på Prinsen Camping. Kvelden vart nytta til sosialt samvær og førebuing til tidlig oppstart og fiske lørdagen. Når vi går ombord i Vikaskjær så tidlig som kl 0530, og det berre er 2 minutt til første torske-grunne og ein ønskjer å få med seg morra-bettet, er det best å vere klar! Så klare som VI var, tok det ikkje lenge før første stortorsken låg på dekk...
Les mer
|
-
Kurset starta opp kl 0930 på Isehaug Kafeteria i Stryn. Instruktør Lars-Ivar Dale køyrde ei 2,5 timars økt med presentasjon av forskjellig utstyr, visning av bilder før det vart ei økt med knutar. Under denne økta fekk vi først sjå sjølvlaga instruksjonsfilm på dette, før vi fekk prøve sjølv under veiledning. Etter inne-økta køyrde vi til Olden, der vi rigga utstyr, trena på ulike kasteteknikkar mens eit par-tre stenger stod ferdigagna i sjøen. Fisk vart det, men berre ei hyse, ein knurr og ei sjøstjerne...
Les mer
| |
-
Kystmeiting? Surfcasting? Takkel? Agnfiske? Agntype? Søndag 20. mars arrangerer Stryn og Hornindal Jeger og Sportsfiskarlag kystmeite- og surfcastingkurs i Nordfjord. Kurset passar alle som ønskjer større uttelling på fisketurane sine, eller dei som ønskjer å spesialisere seg på agnfiske og få fleire artar - i utgangspunktet for alle!
Les mer
|
-
Ryktet seier at dette faktisk er den nest største laksen som nokon gong (!) er teken på sjøsona i Stryneelva! Vi har ikkje hatt noko intervju med Eric, men veit han brukar å kjøpe årskort på sjøsona til gunstig medlemspris. Og laksen han kroka sist sesong vart det nokre skikkelige basketak med...
Les mer
| |
-
Ja, dette er riktig. Årsmøte 18. februar sa enstemmig ja til prosjektet lagt fram av fiskeutvalet. Prosjektet går ut på at laget no løyser inn 3 mtr båtplass i den nye marinaen under bygging på Bjørke. Samtidig skal fiskeutvalet og laget jobbe vidare med oppfinansiering av ein utstyrt båt på henger. Når dette er på plass, har laget ein fiskevennlig skjærgårsjeep liggjande til utleige inst i den fiskerike Hjørundfjorden. Når Kvivstunnelen åpnar neste år, bør dette bli attraktivt!
Les mer
|
-
Årsmeldingane, rekneskap og budsjett til laget er no lagt ut.
Les mer
| |
-
Lørdag 8. januar vart det havfisketur på Gunnar Bakken og Jøran Henriksen. Alt låg i utgangspunktet til rette for godt fiske; stor båt med ekkolodd og medbrakt gps, tid som passa godt ifht måne og tidevatn og eit vindu i det ustabile og vindfulle vêret. Meininga var at vi skulle vere tre medlemmer som skulle ut frå Rundereim denne dagen, men sjukdom og motortrøbbel øydela for dette. Dermed vart det Kalvåg for to og leige av båt utan ekkolodd der. Men dette la ingen dempar på turen...
Les mer
|
-
Laget har fått inn hundefor ifra Sportmans Pride.
Vi har 3 ulike fortyper. Alle leveres i 15 kilos sekker.
Les mer
| |
-
Sjølv med ei litt annleis gjennomføring av dette årvisse arrangementet, var interessa rekordstor. Iflg ansvarlege for registreringa av deltakarar, har vi over 30% auke i deltakarantalet mot tidlegare år. Dette må seiast å vere veldig bra sidan årets arrangement var ein enklare versjon enn tidlegare. Neste år er vi forhåpentlegvis tilbake på Hjelle i kjent, god og gamal stil!
Les mer
|
Les flere nyheter i nyhetsarkivet
|
|
|
|