Førjulskarusell Leirduesti
Publisert 23.09.2019 13:36
Oppdatert 23.09.2019 13:36
Os JFL, Bergens JF og Åsane JFF, i samarbeid med XXL Horisont, ynskjer å invitera til ein tre-stemners leirduestikarusell i den lange haustpausen.
Førjulskarusell Leirduesti
2019 har vist god auke i interesse for sportingskyting, og klubbane, med XXL på laget, ynskjer å halde aktiviteten oppe gjennom hausten.

Karusellen består av eit 50-duers stemne per månad etter fyljande stemneplan:

  • Sundag 06. oktober kl 11.00 i Ulvehiet, Arr: Os JFL
  • Sundag 10. november kl 11.00 på Kismul, Arr: Bergens JFF
  • Sundag 08. desember kl 11.00 i Jonahola, Arr: Åsane JFF

Premieutdeling vert etter stemnet i Jonahola.
​Stemna er opne for alle, uavhengig av klubb og krets.

Det vert sett opp fem klasser, Senior, Kvinner, Veteran, Jeger og Junior, det vert samanlagt skuddpremiering til 1., 2. og 3. plass i kvar klasse. Det er mogleg til å stille opp i enkeltstemner, sjølv om ein ikkje kan stille på alle tre. Arrangementet er meint som ei sosial turnering, med god konkurransetrening før ny sesong er i gong. Jegerklassen er for dei som ikkje har skutt leirduestemner før.

XXL bidreg med premier/gåvekort til uttrekking av tilfeldig deltakar(ar) som har delteke på alle stemna.

Påmelding 200,- pr stemne frå kl. 10-11, eller leirdue.net.


- Annonse -
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.