Rovviltjakt
Publisert 08.02.2016 15:42
Oppdatert 07.03.2016 15:35
Rovviltjakt
Foto: Terje Wangsholm (Bilde tatt under kontrollerte forhold)

Rovviltjakt
Foto: Terje Wangsholm (Bilde tatt under kontrollerte forhold)

Registrere seg som lisensjeger: Alle som vil jakte bjørn, jerv, ulv og gaupe må registrere seg som lisensjeger i jegerregisteret www.brreg.no/registrene/jeger/lisensfelling.html  

Gratis registrering må gjerast for kvar av dei rovviltartane ein ynskjer å jakte på i det enkelte jaktåret. 

For å registrere seg som lisensjeger må ein:

  • ha fylt 18 år
  • ha betalt jegeravgift for vedkomande jaktår
  • ha overholdt rapporteringsplikta ved tidlegare deltaking i lisensfelling av dei store rovdyra


Kvitteringa for registrering som lisensjeger skal takast med under felling / fellingsforsøk. 
Lisensjegerar som jaktar med rifle skal ha dokumentasjon på gyldig skyteprøve. 

Lisensjeger må forholde seg til vedtak og vilkår fatta av den regionale rovviltnemnda i den regionen lisensjakta skal finne sted. Alle som deltek pliktar å halde seg oppdatert om storleiken på kvota, gjenverande kvote og evt. andre begrensingar for jaktutøvinga. 

Løyve frå grunneigar: For å jakte på bjørn, jerv, ulv og gaupe må ein ha løyve frå grunneigar. Ta gjerne kontakt med organiserte grunneigarlag / utmarkslag for å sjekke om desse gjev løyve til liesens- og kvotejakt. Om ikkje, må ein spørje kvar enkelt grunneigar. 

Felt rovvilt: Felte dyr skal framvisast for Statens Naturoppsyn umiddelbart for kontroll, merking og prøvetaking. Felte dyr skal meldast straks til fylkesmannen og kommunen. 

Forsøk på felling / ettersøk: Den som skadeskyt eller har forsøkt å felle / skyte på bjørn, jerv, ulv eller gaupe skal utan opphald underrette fylkesmannen og nermaste politimynde. Fylkesmannen avgjer vidare gjennomføring og avslutning av ettersøk. Den som har delteke i forsøket på felling, skal utan godtgjersle bistå forvaltningsmyndigheitene eller politimyndigheitene i det vidare ettersøket.

Brev frå rovviltnemnda om lisensjakt på jerv, ulv og kvotejakt på gaupe finn ein nedst på sida. 


JERV 2014- 2015

  • src=http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/48147017.JPGRoviltnemnda for region 1 (Vest-Agder. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) har gjort vedtak om lisensfelling av 8 (utvida til 10) jerv i region 1. Kvota kan takast ut i heile regionen. Irregulær avgang eller skadefelling gjennomført etter nemda / DN sitt vedtak blir belasta kvota.
  • Fellingsperioden er 10.09.2014 til 15.02.2015.
  • Informasjon om kvote: tlf. 51 56 89 00. Jeger plikta til å halde seg orientertert om kvote som er att
  • Hagle og rifle er tillate ved lisensfelling av jerv. Sjå elles viltlova sine bestemmelsar for mellom anna utøving jakt, felling og fangst  (forskrift av 22.03.2002, sist endra 16.05.2012).
  • Høve til å bruke bås til fangst av jerv ved løyve etter søknad til fylkesmannen.
  • Ikkje høve til å nytte snøskuter
  • Fylkesmennene administrerar lisensfellinga.
  • Våpen og ammunisjon: Ved felling av gaupe og jerv med rifle skal det nyttast ekspanderande prosjektil og anslagsenergien skal vere minst 980 joule (100 kgm) målt på 100 meters avstand, E 100. Gaupe og jerv kan lovlig felles med hagle.

 

  

GAUPE 2015

src=http://www.njff.no/fylkeslag/hordaland/jff.no/portal/pls/portal/docs/1/10816995.GIF

Det er kvotejakt på gaupe, det vil seie ordinær jakt på eit bestemt antal individ, der kvota er sett av offentlege myndigheiter, i dette tilfellet rovviltnemnda. I Sogn og Fjordane og resten av region 1 er det kvotefri jakt på gaupe, ein kan felle så mange ein vil/ klarar.

  • Jakttida på gaupe er 1. februar til og med 31. mars.
  • På statsgrunn må ein ha eit gyldig jaktkort for anten småviltjakt eller storviltjakt.
  • Både jakt og fangst av gaupe er lovleg, sjå forskrift for utøving av jakt, felling og fangst.
  • Fangst av gaupe skal utøvast etisk forsvarleg og i samsvar med reglane for bruk av fangstreiskap. Bruk av fangstreiskap krev godkjenning frå fylkesmannen
  • Våpen og ammunisjon: Ved felling av gaupe og jerv med rifle skal det nyttast ekspanderande prosjektil og anslagsenergien skal vere minst 980 joule (100 kgm) målt på 100 meters avstand, E 100. Gaupe og jerv kan lovlig felles med hagle.


ULV 2014-2015
src=http://www.njff.no/portal/pls/portal/docs/1/36539016.JPG
 
  • Rovviltnemnda i region 1 opnar for lisensfelling av 1 (utvida til 2) ulv i heile Region 1
  • Jakttid: 01.10.2014 - 31.03.2015
  • Eventuelt uttak på skadefellingskvote blir trukke frå lisensfellingskvoten.
  • Det er ikkje høve til å nytte snøskuter
  • Våpen og ammunisjon: Kun rifle, ekspanderande  prosjekt med minimumsvekt 9 gram. For ammunisjon med kulevekt på 10 gram eller meir, skal anslagsenergien vere minst 2200 joule (225 kgm) målt på 100 meters avstand, E 100. Brukast halvautomatisk rifle er det ikkje tillatte å bruke meir enn to skot i magasinet og eitt i kammeret.
  • Fylkesmennene administrerer lisensfellinga. 

     

 

BJØRN 2015
 
  • Det er ikkje opna for lisensfelling av bjørn i region 1.
  • Jakttid for bjørn er 21. august - 15. oktober
  • Våpen og ammunisjon: Kun rifle, ekspanderande  prosjekt med minimumsvekt 9 gram. For ammunisjon med kulevekt på 10 gram eller meir, skal anslagsenergien vere minst 2200 joule (225 kgm) målt på 100 meters avstand, E 100. Brukast halvautomatisk rifle er det ikkje tillatte å bruke meir enn to skot i magasinet og eitt i kammeret.



    NJFF arrangerer eigne kurs i jakt på store rovdyr, ta kontakt med fylkeslaga og Jakt- og Fiskesenteret. 

    Nettbasert bjørnejaktkurs finn du her

    Sjå 
    www.rovviltportalen.no for meir informasjon om jakt på rovdyr. 

    vedtak rovviltfelling 2013-2014.pdf

 

Relaterte linker
Del på Facebook Del på facebook
- Annonse -
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.