Villmarksleir
Publisert 08.02.2016 15:42
Oppdatert 07.03.2016 15:35
Villmarksleir

Ein leir for deg som er ungdom frå 15 år og oppover. 
Villmarksleiren rullerer mellom Sogn og Fjordane og Hordaland annakvart år og vert arrangert av NJFF og 4H i desse to fylka.

Vi søv ute i lavvo, men kan "rømme" i hus om ein vil det, men det er kjekt om alle prøver ei natt ute i lavvo.

Aktivitetane varierer litt frå år til år, men dømer kan vere desse:

  • snøhole
  • isfiske
  • skiaktivitetar
  • fellefangst
  • mat på bål
  • natursti, konkurransar, energikampen
  • skyting
  • aking i laaang bakke/ veg, hundekøyring, aktivitetar med dyr, badstu etc. - varierer kor villmarksleiren er.


VILLMARKSLEIR 2016

Revejakt, topptur, renne i skitrekk, isfiske og matlaging i det fri er aktivitetane du kan velje mellom laurdagen. Elles vert det zipline, tautrekk, natursti med morsomme aktivitetar med meir. 

Kva med å gje deltaking på denne leiren i julegåve til ungdomen i huset? Det ville vert ei super julegåve på slutten av Friluftslivets år 2015! Ta i såfall kontakt med NJFF Sogn og Fjordane minimum ei veke før jul. 

NJFF Sogn og Fjordane og NJFF-Hordaland inviterer alle ungdomar frå 15 år og oppover til spennande leir på Nordfjord Fritidssenter i Stryn 19.-21. februar. Det er mogleg å leige skiutstyr dersom du ikkje har. 

Påmelding innan 25. januar til sognogfjordane@njff.org 

Invitasjon med informasjon om leiren: Invitasjon villmarksleir 2016.pdf

Villmarksleiren har ei eiga facebookside: 

https://www.facebook.com/Villmarksleir-Hordaland-Sogn-og-Fjordene-1525009434401875/?ref=ts&fref=ts​ 

​​

Del på Facebook Del på facebook
- Annonse -
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.