Predatorjakten i Åsane JFF
Are Severin Martinsen
Publisert 10.01.2021 20:17
Oppdatert 11.01.2021 20:55
Predatorjakten i Åsane JFF
Ein mår tatt på fersken av viltkamera. Dette er dessverre ikkje ei unik hending. (Foto:Torfinn Jahren. Bildet er brukt med godkjenning frå Høgskulen i Innlandet og Nord Universitet.)
Vart det lite ryper i sekken sist haust? Såg du færre hjortekalvar i haust enn tidlegare? Lurer du på kvar orrfuglen har tatt vegen dei siste åra? Og sist, men ikkje minst, kan eg gjere noke med det?

Forsking viser at blant anna rev og mår står for eit monaleg innhogg i fuglebestanden på fjellet og i skogen, spesielt i hekketida. Undersøkingar kan tyde på at opp til 60 % av reir vert plyndra, då spesielt av desse to dyra, men og røyskatt, ravn og anna kråkefugl tar for seg av egg. Basert på observasjonar, kan det og sjå ut for at reven tek ein del nyfødde hjortekalvar i vårmånadane.


Så, kan eg gjere noko med dette? Ja, det kan du absolutt! Ikkje nok med det, du kan faktisk tene litt på det. Åsane JFF har i fleire år arrangert predatorjakt med premiering, både for den som står for største andel felling, men og med uttrekkspremiar for alle som får registert felling. Tilhøyrer du kanskje ei anna NJJF-foreining? Mange andre lag har tilsvarande konkurransar for sine medlem. Fleire kommunar og grunneigarlag har og skuddpremie på ein del rovdyr.


Og kanskje best av alt, du får utvida ein jaktsesong som eigentlig er litt kort for mange.


Manglar du stader du kan jakte, seier du? Vel, dette kan og foreininga bidra med. Åsane JFF har i dag ute to åteboder (prøver å få ut nummer tre snart), der medlem kan booke seg inn for åtejakt. Bodene har åte, er utstyrt åtelys og varmeovn.


Hugs å set deg inn i jakttider for dei artar du jakter på.



Artikkel frå Forskning.no


Informasjon om predatorjakten i Åsane JFF


Informasjon om åtebu



- Annonse -
Våpen-Søilen
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2021 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.