Stemne nr 1 i XXLs Førjulskarusell
Are Severin Martinsen
Publisert 06.10.2019 19:18
Oppdatert 06.10.2019 19:21
Stemne nr 1 i XXLs Førjulskarusell
Kurt Louis Krogsæter klinker ned den siste dubleen i omskytinga, og sikrar seg stemnesigeren.

Stemne nr 1 i XXLs Førjulskarusell
Duevisning før skyting er kanskje den viktigaste førebuinga før konkurransen. Det er ofte her grunnlaget for eit godt resultat vert lagt.

​​​​



​Første stemnet i XXLs Førjulskarusell gjekk i dag av stabelen på Ulvehiet hjå Os Jakt og Fiskelag. Imponerande 27 skyttarar møtte opp i finvêret, til tross for at dette var første helg i småviltjakta fleire stader. Det er tydeleg at sportingdelen av leirdueskytinga i fylket har fått ei sterkt aukande interesse siste åra. Karusellen er eit samarbeid mellom XXL og Os JFL, Bergen JFL og Åsane JFF.


Desse stemna går ikkje-approberte, og er meint som ei sosial samankomst mellom erfarne skyttarar og dei som ynskjer å delta på sine første leirduekonkurransar. Den sundagen var det mange som deltok for fyrste gong.


Stemnet vart sett opp som ei såkalla «Compak Sporting» konkurranse, dvs. at det vert skote frå fem standplassar med lag på fem skyttarar, på same måte som jegertrap. I motsetnad til jegertrap kjem duer her frå fleire retningar, i form av single, rapportdublear og simulatandublear. For den som tenkjer øving til jakta, er dette ei særs god treningsform.


Konkurransen vart tett i toppen på lista. Etter ordinær skyting var to skyttarar likt på 48 av 50 treff, og heile 7 skyttarar på 47 treff. Omskyting måtte til mellom Yngve Kartveit og Kurt Louis Krogsæter for å kåre stemnevinnar, og Kurt trakk det lengste strået i duellen. Det vil verta kåra samanlagtvinnarar i siste stemnet i Åsane den 8. desember. Neste konkurranse i karusellen er på Kismul den 10. november.  ​



Resultatliste.pdf


Resultatliste_samanlagd.pdf


- Annonse -
Våpen-Søilen
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.