Stemne nr 2 i XXLs Førjulskarusell
Are Severin Martinsen
Publisert 11.11.2019 20:29
Oppdatert 11.11.2019 20:35
Stemne nr 2 i XXLs Førjulskarusell

​​​

Sundag vart stemne nr 2 i XXLs Førjulskarusell arrangert på Kismul i regi av Bergens JFF. Denne kaldeste dagen i haust samla heile 28 skyttarar for gjennomføring av 50 skudds leirduesti. Det var isande kaldt, men flott vêr og vindstille gav gode forhold, noko som resulterte i relativt gode resultat. Ein del skyttarar strevde litt med lyset på starten av dagen, men forholda var like for dei fleste.


Dette stemnet gjekk og som ikkje-approbert, og det var ei javn blanding av erfarne og ferske skyttarar. Denne gongen var det til og med skyttarar som ikkje hadde prøvd hagla si tidligare.


Stemnet vart sett opp som ein leirduesti, der konkurransen består av 5 poster med 10 duer på kvar post. Bergens JFF fekk vist at ein kan laga veldig gode leirduestiar med få maskiner, og variere posisjonane for skytinga. Ein stor «Kudos» til arrangør for oppsettet.


Stemnevinnar vart Jimmy Lungstrøm frå Bømlo JFL, fulgt av Yngve Kartveit, Samnager JFL, på andre og Kurt Louis Krogsæter, Åsane JFF, på 3. plass. Det vil verta kåra samanlagtvinnarar i siste stemnet i Åsane den 8. desember. Neste konkurranse i karusellen er på Kismul den 10. november.


Samanlagt leiar no Yngve Kartveit med 93/100 etter 2 av 3 stemner, tett fulgt av Kurt Louis Krogæter og Are Severin Martinsen, henholdsvis 1 og 2 duer bak.


Andre klasseleiarar er Ståle Myklebust i veteranklassa, Gro Anita Ynnesdal leiar kvinneklassa, Arne Johan Kartveit i Juniorklassa, medan Benjamin Solsvik trygga leiinga i Jegerklassen. Men mykje kan skje i tredje og siste stemnet.


Siste stemnet går av stabellen i Jonahola hjå Åsane JFF den sundag 8.desember.



BJF Kismul leirduesti 10.november 2019.pdfResultatliste_samanlagd_2av3.pdf

- Annonse -
Våpen-Søilen
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.