Tredje og siste stemnet i XXLs Førjulskarusell Jonahola
Are Severin Martinsen
Publisert 08.12.2019 16:25
Oppdatert 08.12.2019 17:14
Tredje og siste stemnet i XXLs Førjulskarusell Jonahola
Leirduesti medfører at alle lyt bidra med dømming, trykking på knapper og skriving av resultatlister.
Tredje og siste stemnet i XXLs Førjulskarusell Jonahola
Torbjørn Lunde gjer seg klar for kanskje dagens vansklegaste post.

​​​​

Sundag vart siste stemnet XXLs Førjulskarusell arrangert på i Jonahola av Åsane JFF. Vêret viste seg frå si absolutt verste side og det var tidvis krevande forhold. Kraftige regnskyll, vindrosser og dunkelt lys, gjorde sitt til at allereie krevjande duer vart yttereligare vanskelig, Men i ein slik sport lyt dei beste og takle slike forhold, og det gjorde i alle fall nokre av dei.


Totalt møtte 19 skyttarar opp for i julestria, og stemnet vart sett opp som ein leirduesti, der konkurransen består av 5 poster med 10 duer på kvar post. På dei fleste postane vart standplass flytta inn under tak, slik at i alle fall skyttarane held seg nokolunde tørre.


Stemnevinnar vart Kurt Louis Krogsæter for Åsane JFF, som tok sin andre seier av totalt tre stemner med 46/50 treff. Dagens seier gjorde han og til suveren samanlagtvinnar, heile 5 poeng før nest beste som vart Gro Anita Ynnesdal frå Bømlo JFL. Gro Anita skyt derimot i kvinneklassen, så andreplass samanlagt i Open klassse vart Jimmy Lungstrøm, og for Bømlo JFL. Yngve Kartveit klarte å behalde pallplassen, og sikra seg tredjeplassen.

Dagens vinnarar av Juniorklassen, Arne Johan Kartveit, Samnanger JFL, og kvinneklassen, Gro Anita Ynnesdal, delte andreplassen i dagens stemne med 43/50 treff. Arne Johan sikra med det og samanlagtseieren i Juniorklassen.


Andre samanlagt klassevinnarar vart Ståle Myklebust i veteranklassa,og Benjamin Solsvik i Jegerklassen.


XXL bidrog med 2 gåvekort til uttrekking blandt dei som hadde delteke på alle tre stemna. Vinnarar av desse vart dagens yngste og dagens eldste delatakarar, Isac Ynnesdal og Ståle Myklebust.


Dei tre arrangørklubbane er sers godt nøgd både med oppmøte og gjennomføring av karusellen, og kjem nok attende med nye forsøk på karuseller og turneringar.


Resultatliste.pdf

Resultatliste_samanlagd.pdf


- Annonse -
Våpen-Søilen
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.