Jakttilbud
Jaktutvalget/OJF
Publisert 08.02.2016 11:52
Oppdatert 17.06.2019 09:23
Jakttilbud
Stølen med selet
Jakttilbud
Turmuligheter
Skodje Jeger- og fiskerforening leiger jakt/fiskerettighetene i Norddal på Sunnmøre i tillegg har vi et terreng på Valle i Skodje kommune.

​​​Hurtiglinker til: 

 - Storviltjakt, småvilt og selet: trykk her​

​ - Revejakt 2019: trykk her​ 

- Lokale tilbud i Norddal, trykk her​​

Det er og no anledning til å jakte rev i utmarka på Valle. sjå informasjon om dette. NB ! Det går en turveg gjennom terrenget.

-  Annen informasjon. 

Jaktterrenget går fra 200- 1800 meter over havet. I det høgeste terrenget er det rypejakt. Vi disponerer og en sæterstøl med 4 sengeplasser.

Dette er i tillegg et flott turterreng utenom jakt/fiskesesongen, med Torvløysa som høgaste topp (1850moh). GOD TUR !!

17.08.11 NORDDALSBUKK.JPGRådyrjakt i Norddalen
I Norddalen har Skodje Jeger- og fiskerforening løyve til å felle flere rådyr kvart år.

Desse løyva er ikkje kjønns/alderbestemt. Bukkejakta startar 10.aug., medan jakt på geit og kje startar 25.sept. Rådyrjakta varer til 23.desember. Råbukk kan ein jakte på både i skogen og på innmark. På innmark er det særs viktig at ein har sikker bakgrunn når ein jaktar. Men om ein tek seg ein rekogniseringstur før jakta startar, kan ein finne fleire plassar ein sit godt kamuflert og har trygg bakgrunn. I skogen har vi to jaktstigar som er i nærleiken av råser/ trakk som rådyra nyttar. Her sit du 3-4 meter over bakken, og sjansen for å bli avslørt er liten. Med godt tålmod vil ein ha gode sjansar for å skyte seg ein fin "skogsbukk" frå ein slik stige.
Etter at jakt på geit/ kje startar, er det fint å kombinere jakt på rådyr med hjortejakt. Då er både smygjakt og posteringsjakt jaktformer som er mykje brukt. Jakt med hund har også vist seg å vere effektivt under rådyrjakta.

Hjort.jpgHjortejakt 
Vi har dei siste åra hatt løyve på flere hjortar i Norddalen. Kjønn og alder på løyva varierer litt frå år til år, men vi har stort sett høve til å felle alle kategoriar kvart år.  For å jakte finne hjort må ein oftast jakte meir i "øvre" del av jaktterrenget. Området er svært variert frå stupbratte skrenter, til fine fjelldalar og høgfjellspostering. Det kan vere greit å vere i god form, då det lett kan bli litt gåing og "klatring" om ein skal utnytte heile terrenget. I nedre del av terrenget er det mykje skog, og jaging har vist seg å vere effektivt her, både med og utan hund. Smygjakt har også gitt flotte resultat i skogen. I Dyrdalen, frå Presteselet og innover, er det siste åra blitt observert bra med hjort, og dette området må ein ikkje gløyme om ein skal jakte hjort i Norddalen. Oppe på fjellet er det mange flotte plassar for postering. Det tek om lag 30 min. å gå frå presteselet for å kome opp hit. Her er ope og fint, med litt kratt og småskog. Av erfaring ser vi at spesielt bukkane bevegar seg mykje i høgda når brunsten nærmar seg. Om ein jaktar i høgda vil det vere lurt å ta med stor ryggsekk for å bere kjøt i om ein skyt noko.
Vi har også høve å jakte i nedre delen av Herdalen. Her er det store moglegheiter å kikre opp dyr frå vegen, for so å snike seg inn på dei. Dette er ei svært spanande jakt om ein er to personar, der ein kikrar og ein snik, samtidig som ein har radiokontakt.

Foreningen disponerer et jaktvald på Valle​ i Skodje kommune.

rypejakt.jpgSmåviltjakt
Vi har tilgang til jakt på småvilt, spes. rype, hare, orrfugl, i same terrenget som vi jaktar storvilt på. Jakttida er frå 10.sept. til 28.februar, og det er lov å nytte jakthund.
Også når det gjeld småviltjakt kan det vere greit å vere i god form, då det lett blir ein del gåing for å finne rypene….
Om å ein går ca. 30 min. frå Presteselet, i råsa mot Torvløysa, er ein i flott lirypeterreng. Her er mykje snaufjell, med innslag av bjørkekratt og vierkjerr. Går ein høgare opp i terrenget mot Torvløysa vil ein fort finne "skarven", fjellrypa. Den sit ofte i dei bratte urene og skrentane som er der, heilt opp mot toppen av Torvløysa.
Om ein vil ha ein lettare jakttur kan ein jakte frå Presteselet og innover Dyrdalen mot Storevatnet. Her er terrenget forholdsvis flatt og lettgått. Etter at det har kome litt snø trekker rypene ofte ned i denne delen av terrenget. Her er det spesielt fint å jakte med hund.​

 


Insetsetra 012.JPG

Av erfaring er det viktigaste for å få ei god jaktoppleving å gjere seg kjend i terrenget i god tid før jakta startar. Dette har ein gode moglegheiter for i Norddalen då ein kan kombinere dette med ei natt eller to på Presteselet og ein fisketur i Storvatnet. 






Har du spørsmål om foreningens jakttilbud eller annet, ta kontakt med jaktutvalget. 

Ole Jonny Flydal, leder jaktutvalget

tlf : 900 14 440

jakt@skodjejff.no

Skitt jakt.

​​

- Annonse -
Foreningens leverandør av byggevarer.
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.