Sula JFF
Ronny Harald Blomvik
Publisert 08.02.2016 11:54
Oppdatert 07.03.2016 14:16
Sula JFF vart stiftet i 1962 som en uavhengig sportsfiskerforeining.
Sula JFF
Logo Sula JFF

Sula JFF
Flott Brunørret klar til stryking

Formålet var å kultivere vatna i Sula. Spesielt vart det lagt vekt på å få gode ørretvatn av Vassetvatnet og Sæthrevatnet.
For kultivering må ein ha klekkeri, det første klekkeriet som vart bygd låg ved Jarneselva, om lag 150 meter ovanfor vegen.
Det var og bygd to gode kulpar for yngel, kunstig oppbygd med utgraving og ein demmekant.
Dette klekkeriet var i drift inntil det som vi i dag kjenner som klekkeriet vart bygd. Første byggesteg, kjellaren eller sjølve klekkeriet vart bygd i midten av 70-tallet.
Andre etasje kom først på åttitalet, bygd som et smoltanlegg.


Medlemsmøta vart halde på kafeen til Kåre K første fredagen i månaden. Hvelferdssalen til Devold og lokala til Pensjonisten vart nytta som kurslokale, her lærte mange den edle kunst å knyte fluger.


På 70-tallet var det fleire jegerar som ønska ein foreining som var tilslutta NJFF. En slik tilslutting vart drøfta fleire gonger både i foreininga sitt styre og på medlemsmøta.  På et årsmøtet møtte derfor Jegerane på Sula møtte mannsterke opp og la frem det vi må sjå på som et ultimatum, å omdanne foreininga til ei Jeger og Fiskerforeining tilslutta NJFF – om ikkje, var jegerane klår på at dei sjølve skipa ei eiga foreining tilslutta NJFF.


Foreininga vart etter dette svært aktiv. Leirduebanen vart bygd, fleire lakseelver vart kultivert og i klekkeriet var der en herleg blanding av laks og brunaure. Foreininga hadde eigne laksevald i Strynselva, kultivering og fiskeretter i Standalelva og lakseelva i Urke.


 2015 vert eit viktig år for oss. Det er friluftslivets år som foreninga vil fokusere på med tanke på tilrettelegging av aktiviteter. Samtidig har årsmøtet vedtatt ei vidare utbygging og modernisering av anlegget vårt ved Vasset Friluft og Idrettsplass.


 

Styreverv
- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.