skjak
​ ​​​​​​​​​​​​​​​​​Velkomen til Skjåk Jeger Og Fiskarlag
Skjåk Jeger og Fiskarlag (Sjfl) vart stifta i 1942. Frå den gongen laget vart stifta har det hatt som formål å knyte jegerar og fiskarar saman i eit felles arbeid for god forvaltning av vilt- og fiskebestanden ved å utføre positive tiltak på vilt- og fiskestellet sitt område.​

Skjåk Jeger- og Fiskarlag har fleire gode mogelegheiter for utlån av naust med overnattingsmogelegheiter, samt tilgang til båt, motor og garn. Lokallaget arrangerer årleg kurs og aktivitetar/tilstellningar for å ta vare på interessa rundt jakt, fiske og friluftsliv. All utleie av hyttene/nausta til medlemmar i Skjåk Jeger og Fiskarlag er gratis. For ikkje medlemmar er døgnprisen kr. 200 pr. pers. Prisen for båtmotorbruk er sett til 30 kr. per liter. Nausta og hyttene er plasserte i område som er glimrande for både fiske, jakt og anna friluftsliv! For leige/lån av naust og båt; ta kontakt med laget sin materialforvaltar Einar Banken på tlf 971 52 096​​​ 

​Like vår side på facebook og fylg med på denne sida for oppdateringar rundt Sjfl. Sjå også aktivitetskalenderen heilt nederst på denne sida, samt informasjon under pekarane JAKT, FISKE, NJFF UNG og ANDRE TILBUD! 

​Mogelegheitene for ​lån av naust, båt og garn er: 
  • Naust med båt, motor og garn på Torsvatnet. Her er det gode moglegheiter for overnatting med tilgang til kokkeutstyr og vedomn. ​Torsvatnet er ​eit 6,3 kvadratkilometer stort vatn i hjartet av Reinheimen Nasjonalpark. Dette vatnet gjev gode moglegheiter for garnfiske og har ein aurebestand i god kondisjon. Området er også eit godt utgangspunkt for småviltjakt. Vegrettleiing til Torsvatnet: Køyr 18,9 km vestover frå Dønfoss på Riksveg 15 til du kjem til Billingen (setergrend). 100 meter etter brua over elva Tora (når du kjem frå aust) køyrer du av riksvegen til høgre. Køyr opp til parkeringsplassen på seterstulen og fylg deretter DNT-stigen til Torsvatnet. Turen er ca 14 km lang og tek om lag 4 timar gange.  

  • Naust med båt, motor og garn på Leirungsvatnet. Naustet er nybygd i 2011 med 5 sengeplassar, kokkeustyr og vedomn. Også dette vatnet har ein stabil aurebestand i veldig god kondisjon som gjev fine fiskefangstar! Naustet ligg også godt plassert med tanke på reinsjakt og småviltjakt. ​Vegrettleiing til Leirungsvatnet: Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli og ta til høgre ca 5 km vest for Bismo. Fylg deretter Aursjovegen 14,2 km oppover Lia og langs Aursjoen til du kjem til dammen på austsida av Aursjoen. Parker på austsida av dammen og fylg deretter ein umerka, men god stig til Leirungsvatnet. Turen er ca 10 km lang og tek om lag 3 timar gange.

 
  • Naust med båt og garn i Raudalen.

  • Primitiv hytte ved fiskedammen i Botn i sameige med Skjåk Ålmenning.

  • Nyrestaurert bu i Tundradalen (Haukberghytta). Her er det veldig gode moglegheiter for stongfiske og hytta ligg veldig strategisk plassert med tanke på reinsjakt. Vegrettleiing:Ta av Riksveg 15 før/etter Coop Bruvoll ved Dønfoss. Det står eit lite kvitt skilt med Tundradalen på. Betalingsbomveg. Køyr 9,3 km innover Tundradalsvegen og parker ved Tundradalssetrane. Kryss elva Tundra over brua ved setrane. Fylg vidare ein umerka, men god stig innover dalen på nordsida av elva. Ca 10 km innover finn du Haukberghytta i den nordlege fjellsida av Tundradalen. 

Samstundes har Skjåk Jeger og Fiskarlag teke hand om restaurering av blant anna steinbuene ved Kollungstjønna, bua i Vuludalen, bua i Raudalen og Engelskmannbua ved Lortjønnen. Dette er primitive buer, men dei står opne til ei kvar tid for tilhald under dårleg ver. 

All utleie av hyttene/nausta til medlemmar i Skjåk Jeger og Fiskarlag er gratis. For ikkje medlemmar er døgnprisen kr. 200 pr. pers. Prisen for båtmotorbruk er sett til 30 kr. per liter. Nausta og hyttene er plasserte i område som er glimrande for både fiske, jakt og anna friluftsliv!

For leie av naust, båt eller hytte ta kontakt med Ola Jon Staurust på telefon: 469 29 802

For bruk av båtmotor: hugs å søkje vernemyndigheit om løyve. 

For kjøp av fiskekort eller småviltkort; sjekk ut http://www.skjak-almenning.no/​​​

For meir informasjon om fiske og fjella i Skjåk; besøk nettstaden http://iskjak.no/​ ​

Lokallaget har også ein 14 " båt stasjonert på biltilhengjar til utlån for bruk på vatn i bygda. Til denne båten fylgjer det også 10 fiskegarn og redningsvestar.  

Lokallaget arrangerer også årleg jegerprøvekurs, jaktfeltkyting og foredrag/tilstelninger relatert til jakt, fiske og fangst.​​​ 

Informasjon om medlemskap i Skjåk Jeger- og Fiskarlag: Hovedmedlemskap med tidsskrift (695 kr), Sidemedlemskap (310 kr), Familiemedlemskap (290 kr), Barne-/ungdomsmedlemskap inntil 25 år (420 kr m/tidsskrift og 295 kr u/tidsskrift) og Pensjonist/uføremedlemskap m/tidsskrift (540 kr). Innmelding i Skjåk Jeger- og Fiskarlag kan gjerast på denne linken:http://www.njffbutikken.no/no/artiklar/medlemskap/index.htm eller kontakt eit eksisterande medlem for verving. Verving gjev verdifulle og fine premiar i tillegg til fordelane med å vera medlem i lokallaget og NJFF!​ 

Medlemsfordelar i Skjåk Jeger- og Fiskarlag
  • ​​Rabatt på jakt og fiskeutstyr hjå Tor Lien (Max sport i Skjåk).
  • Gratis lån av naust, båt, garn og anna utstyr. ​
  • Halv pris eller gratis inngang ved eventuelle arrangement og aktivitetar. 
  • Moglegheit for å delta på medlemsmøter med diskusjonar rundt jakt og fiske i Skjåk kommune. 
​​Medlemsskap gjev også fordelar frå NJFF​
  • ​Gode rabattar ved kjøp av våpenskap hjå Felleskjøpet.
  • Gode tilbod og prosentar ved kjøp av jakt og fiskeutstyr hjå sportsgiganten G-max. 
  • Forsikringsfordelar hjå Gjensidige. 
  • Gode prisar på hundefor hjå Sportsmans Pride. 
  • Jakt & Fiske - landets største magasin for jakt- og fiskeinteresserte. 
  • Prisavslag på kurs i regi av NJFF.
  • Rabatt på hørselvern frå Starkey. 
  • Gunstig pris på hotellopphalv ved Thon Hotels. 
  • Prisavslag på drivstoff hjå Statoil. 
  • Advokatbistand i samband med NJFF. 
  • I tillegg støttar du eventuelle saker i kamp for jegerar og fiskarar sine rettar (til dømes kampen for å jakte med blyhagl, bruk av ljos på ettersøk og åteljos for revejakt). 

 

Fylg med på vår aktivitetskalender og facebookside for å sjå kva som skjer i framtida! Her vil det verta publisering av nyinnkjøpt utstyr og reklamering for ulike arrangement. ​


 


 

Skjåk JFL
2693 NORDBERG
Kontakt oss
Fylke / fylkes lokallag

Aktivitetskalender
Fylke
Lokallag
Fra dato
Ikon
Til dato
Ikon
Tekst
Søk
HvaHvemHvorDatoMer Info
Jegertrening%20og%20storviltpr%C3%B8ver%20Båstad Grunneier JffB%C3%A5stad%20Skytebane24.06.19Plussikon
%3Cp%3ETrening%20p%26aring%3B%20elektroniske%20skiver%20p%26aring%3B%20100%20m%20bane%20i%20regi%20av%20B%26aring%3Bstad%20Skytterlag%20og%20TJFF%3Cbr%20%2F%3EAmmunisjon%20kan%20kj%26oslash%3Bpes%20-%20husk%20v%26aring%3Bpenkort.%3C%2Fp%3ELes mer
Serie-%20og%20treningsskyting%20p%C3%A5%20Br%C3%A5tanEidsberg JffBr%C3%A5tan24.06.19Plussikon
%3Cp%3EVelkommen%20til%20serie%2Ftreningsskyting%20p%26aring%3B%20Br%26aring%3Btan%3C%2Fp%3ELes mer
SportingSkjeberg og Omegn JffOppsj%C3%B8veien%2029424.06.19Plussikon
Storviltpr%C3%B8vaTrøgstad Jegerog FiskerforeningB%C3%A5stad%20skytebane24.06.19Plussikon
%3Cp%3EAnsvarlig%3A%20Morten%20Ekeberg%3Cbr%20%2F%3EMedansvarlig%3A%20Morten%20Opsalh%20og%20Geir%20Helland%3Cbr%20%2F%3EFremm%26oslash%3Bte%20senest%20en%20halv%20time%20f%26oslash%3Br%20skyting%20starter.%20Det%20m%26aring%3B%20alltid%20v%26aelig%3Bre%20en%20ansvarlig%20tilstede%20p%26aring%3B%20standplass.%20Hver%20og%20en%20er%20selv%20ansvarlig%20for%20%26aring%3B%20skaffe%20stedfortreder.%20%3C%2Fp%3ELes mer
Leirdueskyting%20for%20damer%2F%20jenterBjerke JffSteinsg%C3%A5rd%20skytebane24.06.19Plussikon
%3Cp%3E%3Cstrong%3ELeirdueskyting%20kun%20for%20damer%2F%20jenter%20denne%20kvelden.%26nbsp%3B%3C%2Fstrong%3E%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EDe%20dagene%20det%20er%20instruksjon%20er%20det%20%26aring%3Bpent%20for%20alle%20etter%20instruksjonen%20er%20ferdig.%20Det%20blir%20ogs%26aring%3B%20i%20%26aring%3Br%20gitt%20en%20premie%20til%20den%20som%20er%20mest%20aktiv%20p%26aring%3B%20skytterbanen%20i%20l%26oslash%3Bpet%20av%20%26aring%3Bret%21%3C%2Fp%3ELes mer
Hagleskyting%20figurjakt%20for%20jenterBjørkelangen JffGrandalen%20Aurskog24.06.19Plussikon
%3Cp%3EFigurjakt.%20En%20morsom%20jaktrelatert%20treningsform%20med%20hagla%2C%20en%20fin%20skogsl%26oslash%3Bype%20med%20poster%20hvor%20det%20er%20jaktbare%20arter%20med%20blink%20p%26aring%3B.%3C%2Fp%3ELes mer
Rifle%2FElgbane%2FPr%C3%B8veEnebakk JffEnebakk%20JFF%2C%20Bjerkland%20Ytre%20Enebakk24.06.19Plussikon
%3Cp%3EBanen%20er%20%26aring%3Bpen%20fra%20kl.1800%20-%202100%2C%20ellers%20m%26aring%3B%20vi%20ta%20hensyn%20til%20skytelyset.%3C%2Fp%3ELes mer
Trening%20og%20oppskyting%20av%20storviltpr%C3%B8verHemnes JffGras%C3%A5sen%20Skytesenter24.06.19Plussikon
%3Cp%3EDa%20starter%20vi%20opp%20med%20trening%20og%20gjennomf%26oslash%3Bring%20av%20storviltpr%26oslash%3Bver%20hver%20mandag%20fra%2029%2F4%20til%20og%20med%2023%2F9%20%28%20med%20unntak%20av%20hellidager%20og%20vi%20har%20ferie%20stengt%20uke%2028-31%29%20Velkommen.%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EPris%20medlem%20trening%2050%2C-%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EPris%20medlem%20oppskyting%20100%2C-%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EPris%20ikke%20medlem%20trening%20100%2C-%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EPris%20ikke%20medlem%20oppskyting%20150%2C-%3C%2Fp%3E%0A%3Cp%3EVi%20tar%20%3Cstrong%3EIKKE%3C%2Fstrong%3E%20kort.%3C%2Fp%3ELes mer
Trening%20Lillestrøm og Strømmen JFFStilla24.06.19Plussikon
%3Cp%3ELeirdueskyting%3C%2Fp%3ELes mer
SportingLørenskog SportsskyttereLosby24.06.19Plussikon
Forrige
Side 1 av 362
Neste
Nyheter
Image
Image Background
Over 40 møtande til fiskedagen arrangert av Skjåk Jeger og Fiskarlag, Skjåk Almenning og Fjellgeita.
Image
Image Background
Invitasjon til jakt på Ringdue Skjåk, 15. september 2015
Image
Image Background
Skjåk Jeger- og Fiskarlag arrangerar jaktfeltskyting i Heimdalen fredag 1.mai.
Image
Image Background
Snart ny fiskesessong, ting naust og båt no!
Lokallagspartnere
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.