Årsmelding Skjåk Jeger- og Fiskarlag for kalenderåret 2015
Publisert 10.03.2016 10:10
Oppdatert 10.03.2016 10:12

​​​

Årsmelding Skjåk Jeger- og Fiskarlag 2016

 

  • Gaupesporing gjennomført med inntekt til lokallaget. Nytt frå i år var at det skulle leverast skjema kvar månad frå november – mars med registreringer og sporlogger frå gps.

 

  • Arrangering av frivillig medlemsmøte i forkant av ny anbodsrunde for elg og hjortjakt i Skjåk Ålmenning. Møtet vart halde på kommunehuset. 

     
  • Tilbod om dag med vinterjakt på rype for ungdom mellom 14-18 år. Gratis arrangement i samarbeid med Skjåk Ålmenning, men utgjekk på grunn av berre ei påmelding.

     
  • Kontakt med Vårdalen Grunneigarlag for løyve til arragering av isfiskedag. Dette utgjekk imidlertid på grunn av  dårlege isforhold.

     
  • Jegerprøvekurs med ikring 20 kandidatar.

     
  • Temadag på skytebana 14.mars. Gevirdømming/utstilling i samarbeid med Nils Arne Flaten og foredrag med seniorforsker Morten Kraabøl om kvelden. Tema var fiskeforvaltning med fokus på fredningsprinsipp, vårfiske, regulering og bestandsutvikling i elver og vann. I underkant av 30 møtande.

     
  • Etablering av heimeside med oversikt over tilbod og arrangement til laget. Sida har vore oppdatert med nyheiter i aktuelle tilfelle.

     
  • Jaktfeltskyting i Heimdalen 1.mai med heile 82 deltakarar. Derav 9 juniorskyttarar.

     
  • «Våpenshow» med Børselars 30.juni på skytebana.

     
  • Innkjøp av motor til utlånsbåten på hengjar. Berre 1 utleige.

     
  • Deltaking på familiefiskedagen i Heimdalen 4.juli. Over 40 møtande! Utdeling av premiar frå NJFF.

     
  • Bistand til arbeidshjelp for bygging av ny bru i Lundadalen i regi av DNT/Flaten bygg. Dette vart imidlertid ikkje noko av i fjor.

     
  • Gjennomføring av smårovviltkampanjen med pengepremier til 3 vinnarar både i vaksen- og ungdomsklasse. 2 trekningspremiar i tillegg.

     
  • Gratis kurs i duejakt på Ramstadstrondi 15.september. Opent for alle over 14 år.

     
  • Deltaking på «friluftslivets dag» for skulane.

     
  • Arbeidsgruppa for leirduebane/skytebane. Har fleire gongar vore i møte med Skjåk Kommune/Skjåk Ålmenning. Noko endeleg er ikkje klart, men vert arbeidd med. Seinaste møte var mellom arbeidsgruppa og pistolklubben 28.februar 2016 for eit eventuelt samarbeid om skyteanlegg.
  • Utleige av nausta.​

Styret
- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.