Rovviltkampanje i Skjåk 2015-2016
Publisert 07.02.2016 23:06
Oppdatert 07.03.2016 13:31
Rovviltkampanje i Skjåk 2015-2016

 

Også i år vert det arrangert smårovviltkampanje i Skjåk. Dette er eit samarbeid mellom Skjåk Ålmenning og Skjåk Jeger- og Fiskarlag for å auke avskytinga av rovvilt. Målet med dette er å få betre bestandar av «matvilt» som ryper og skogsfugl. Kampanja gjeld for desse artane: rev, grevling, mår, mink, røyskatt, korp, kråke, skatto, nøtteskrike, gråmåse og svartbak. Kampanja gjeld innanfor heile kommuna og både jakt med våpen og feller.  Alle bidrag i konkurransen må visast fram for registrering/godkjenning. Pål Eiesar frå Skjåk Jeger og Fiskarlag står for denne godkjenninga. Dette gjeld også godkjenning for skotpremie på rev og mink. Tlf  Pål: 454 74 759. NB ved visninga/godkjenninga kan Pål ta hand om dyra, slik at dei slepp å verta med heim igjen. Kampanjen er godt premiert for dei tre som sankar mest poeng. Det vert skild mellom over og under 25 år slik at dei tre beste i kvar klasse vert premierte. I tillegg vert det 2 trekkpremiar blant alle deltakarane. Kampanjen varar til og med 15. april, dvs når jakttida på rev er slutt. Vi oppfordrar alle til å drive jakt/fangst i høgare strøk der det har mest utbytte for småviltbestandane.

Poengfordeling
Rev:    100 poeng
Mår/grevling: 80 poeng
Mink/røyskatt/korp/gråmåse/svartbak: 50 poeng
Kråke: 30 poeng
Skatto/nøtteskrike: 15 poeng
Premiar klasse o/u 25 år:
1. premie: kr 2500,-  2.  premie: kr 1500,-  3.  premie: kr 1000,-

Skitt jakt!

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.