Jegertrening 2020, revidert opplegg
Publisert 08.05.2020 19:07
Oppdatert 08.05.2020 19:08
Jegertrening 2020, revidert opplegg
Situasjonen med fare for smitte av coronavirus har gjeve eit nytt opplegg for storviltprøve i 2020.

​​

Miljødirektoratet har bestemt at alle storviltjegerar skal ha godkjent skyteprøve.

Dette betyr:

  1. Nye jegerar og jegerar som ikkje avla storviltprøva i fjor, må ta ny prøve i år
  2. Godkjent storviltprøve 2019 gjeld også for jaktåret 2020. Godkjenninga blir automatisk overført til det digitale jegeravgiftskortet for dei som har levert fangstrapporteringa for fjoråret og betalt jegeravgift for 2020. 

    TRENINGSTIDER

    Vi viser til revidert terminliste på https://dfsgrasrot.no/vaagaa-skytterlag-1545049112/sections/21316/articles.

    Dei tre første treningskveldane blir:

    Fredag 15. og 29. mai og 5. juni kl. 18–20 (Vågå skytterlag)

    Måndag 18. og 25. mai og 8. juni kl. 18–20 (Vågå JFF)

    GJENNOMFØRING
  1. Påmelding skjer ute, ved påmeldingsluka – i minst 1 m avstand. Kvar jeger vil få sitt startnummer der.
  2. Kontantar skal ikkje brukast. Betaling skjer 

             · Til Vågå skytterlag: til konto 2085 25 13862 eller VIPPS.

             · Til Vågå JFF: Kortterminal, til konto 2085 07 51022 eller VIPPS. 

    Prisar: Eingongssum kr 350,- for all trening og oppskyting for medlemmer.  For andre: kr 350,- pr. treningsomgang og oppskyting. Skotsalg. Medlemskontingent i Vågå skytterlag er kr 450,-.
  1. Alle bruker berre sitt eige våpen og utstyr elles.
  2. Det skal minimum vera 1 m avstand ved oppmøte, venting, under og etter skyting. Dette betyr bl.a. at vi nyttar annakvar skive. Alle som skal skyte, ventar i god avstand ute til dei blir ropt opp. Alle tillempingane fører til seinare avvikling. For å sikre mest mogleg like vilkår for alle, vil det vera tillatt med maks. 20 treningsskot før ein må melde seg til ny omgang i påmeldingsluka.
  3. Alle skal ha med sitt eige underlag å liggje/sitja på. Underlaget skal vera i full kroppslengde
  4. Alle våpen skal enten ha kammerflagg (kan kjøpast for kr 30,-) eller vera løyst frå sluttstykke ved transport til og frå standplass og under visitering. Visitering skjer utan berøring av geværet.
  5. Kvar enkelt har ansvar for å sikre best mogleg hygiene. Hender skal spritast grundig før og etter besøk på standplass. Utstyr er tilgjengeleg ved døra. Unngå i størst mogleg grad å ta på dørhandtak o.a. Skjermane skal ikkje berørast.
  6. Personar som er smitta av koronaviruset, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nese, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta på jegertrening. 
  7. Vi oppfordrar alle til å trene mest mogleg også i år. Alle som har minst 60 treningsskot over minst 3 kveldar deltar i trekking av 1 reinskort og 1 rådyrkort (Vågå fjellstyre) og 1 rådyrkort (Skjerva-Grøna jaktforening).

    Vel møtt til trening og storviltprøver! Spørsmål kan rettast til Vågå skytterlag v. mov@fjellnett.no eller Vågå JFF v. trond.stensby@fjellnett.no 

​ 


- Annonse -
Familiemedlemskap
Jakthundboka
Jakthundforsikring
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.