Om oss
Publisert 07.02.2016 19:20
Oppdatert 14.06.2018 20:19
Ein austlending som heitte Thorvald Meyer Heiberg fekk rundt førre århundreskifte ein ide som gjekk ut på å kjøpe opp store fjellområder i Setesdal – Ryfylkeheiane. Dette området ville han dele inn i jaktfelt der han ville jakte sjølv og vidare leige ut jakt på reinsdyr og småvilt. Det var lett å få kjøpe, for det var mykje rovvilt i heiane i dei dagar, og sauehald var difor vanskelig. Han enda opp som eigar av om lag 1 million mål som blei inndelt i jaktfelt med tilhøyrande hytter. Eitt av desse jaktfelta var Kleggjadalsheia med sine om lag 40000 mål. Her fekk han oppført ei steinhytte ikkje så lenge etter hundreårsskiftet. Det er denne hytta som blei restaurert i 1986-87 og som går under namnet «Kleggjadalshytta»
Om oss
Foto: Bjørnar Høie

​​​Det var eit populært jaktfelt, for det var ofte store reinsbukkar å finne i denne heia.

Imperiet til Heiberg tok slutt med 2. verdskrig. Han blei pressa til å selje eigendommen til Quisling i 1943, men først ved ei stortingshandsaming  i 1957 blei det vedteke at staten skulle forvalte det aller meste av denne eigendommen der villreinstamma då var på eit lavmål.

Når det gjeld Kleggjadalshytta, blei det gjort avtalar om at den skulle vera open for bygdefolk i samband med reinsjakta.  Ein måtte vera manntalsført i Forsand kommune for å få tildelt reinsdyrjakt. Slik er det den dag i dag.

Etter som det ikkje var nokon som hadde eit særskilt ansvar for hytta, tok den etter kvart til å forfalle. Det var enkeltjegrar som tok initiativ med tanke på restaurering av hytta, men det kom aldri til konkrete avtalar og handling. Hytta blei flikka og lappa på av individuelle jegrar som nytta den heilt til den var nærast ubrukelig. Dette var tidlig på 70-talet.

I 1986 blei det stifta ei foreining i Forsand som skulle ha som det primære mål å få restaurert hytta i Kleggjadalen. Denne foreninga blei til Forsand jeger- og fiskerforening i april 1986. Det var tanken på eit godt husvere under reinsdyrjakta som var drivkrafta.

Småviltjakt var det lite  av på denne tida, og det var ikkje organisert sal av jaktkort. Dei få som nytta heia til å jakte småvilt tok seg nok til rette som dei fann det for godt.

Avtalar blei gjort mellom Statskog, Forsand kommune og Forsand jeger- og fiskerforening før byggjearbeidet tok til. Forsand kommune dekka alt av utgifter til materiell og transport av dette, medan medlemmer i Forsand jff gjorde det aller meste av bygningsarbeidet. Unntaket var muringa av ytterveggene som måtte utførast av fagmann.

Det var stor velvilje frå kommunestyret når det gjeld bevilgningar, og det var lett å få med bygningsfolk til arbeidet. (For dei som ikkje er kjende må det nemnast at hytta ligg om lag ein og ein halv times gange frå bilveg, og det er ikkje bare å kome og gå. Nitten helikopterhiv med bortimot 20 tonn bygningsmteriell blei frakta på plass.)

Hytta har ein kulturhistorisk verdi - den var ei av to steinhytter som Heiberg fekk oppført, og Kleggjadalshytta er i dag den einaste som står att. Det var difor viktig å reise den så likt som mulig den opprinnelige hytta.​

 Følg Forsand JFF på Facebook og hold deg oppdatert på aktiviteter og informasjon. Trykk på ikonet for å komme direkte til Facebooksiden.

Styreverv
- Annonse -
Nubben Jakt, Fiske & Friluft
G-MAX
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.