Camp Villaks i Gaular ein suksess!
Publisert 17.07.2016 12:39
Oppdatert 21.07.2016 10:32
Camp Villaks i Gaula i Sogn og Fjordane vart ein stor suksess med mykje fisking i flott elv. 16 deltakarar landa 6 laksar og 1 sjøaure, i tillegg vart ein del fisk mist.
Camp Villaks i Gaular ein suksess!

​​​​Gaular Jakt- og Fiskelag og Gaula Elveeigarlag kan puste letta ut etter vel gjennomført Camp Villaks, eit prosjekt som Norske Lakseelver og NJFF står bak. Her var  det stor fiskeglede på eit av noregs beste laksevald, elva var full av fisk, men dog ikkje så enkel å få på kroken.

16 kjekke ungdomar frå Vestlandet og Austlandet koste seg med hovudsakleg flugefiske, men også slukfiske, og gjorde det til ein triveleg camp. Flugestenger, slukstenger, vestar og solbriller vart lånt ut til deltakarane. Nokre hadde med fiskeutstyr sjølv.

Ungdomane sov i lavvo og omtrent all tid vart brukt til fisking, det stod ikkje på innsatsen! Det var ein del fisk som beit på, men ikkje alle klarte ein å få på land. Spenninga var uansett stor når det beit på, og 6 laksar og 1 sjøaure måtte bøte med livet. Dessverre var det berre 1 villaks og resten opprettslaks. Villaksen kvilte i eit kar for å bli sluppe ut att i elva, men den var dessverre ikkje i god nok form. Det er like spanande uansett kva fisk ein kjempar med, men det er trasig at det er så mykje rømd oppdrettslaks i elvane, det teiknar ikkje bra for villaksen sine gener.   

Harald Lervik stod som initiativtakar for Camp Villaks i Gaular og stilte med valdet sitt til disposisjon, det gjorde også Svein Petter Erdal. Flott dugnadsinnsats av instruktørar og hjelparar som jobba dag og natt for ungdomane gjorde dette mogleg. Også Spar-butikken i Bygstad og på Sande stilte opp for ungdomane med mat, og Erdal Sport i Førde med ein del fiskeutstyr. Til og med flotte fluger vart bunde til campen av dyktige flugebittarar.  

 

Foto og film: Reidun Solberg Seim
Sjå også vår facebook-side for fleire bileter https://www.facebook.com/njff.sognogfjordane/?fref=ts

 Fleire bileter på NRK Sogn og Fjordane: https://www.nrk.no/sognogfjordane/laksecamp-skal-hindre-forgubbing-blant-laksefiskarane-1.13043038

 

 

 

 
 

 

 

20160713_182019.jpg  

20160713_183709.jpg
20160713_183926.jpg
20160713_184537.jpg
20160713_184632.jpg
20160713_184844.jpg
20160713_184917.jpg
20160713_185144.jpg
20160713_185428.jpg
20160713_191212.jpg
20160713_192541.jpg
20160713_195229.jpg
20160713_220550.jpg
20160713_220734.jpg
20160713_221302.jpg
20160713_235337.jpg

20160714_100138.jpg
20160714_112251.jpg
20160714_114821.jpg
20160714_140913.jpg
20160714_180438.jpg
20160715_000508.jpg


 

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.