Fiskecamp
Publisert 06.04.2017 12:10
Oppdatert 06.04.2017 13:14
NJFF Sogn og Fjordane og Vik jfl inviterer ungdom frå 14 år til fiskecamp i Vik 23-25. juni 2017, her vert det laksefiske, sjøfiske og fiske i fjellvatn. Mykje moro!
Fiskecamp

​​​​Fjordfiske frå båt der ein kan prøve seg på ulike fiskemetodar: line, pilking, ruse, garn, dorging og slukstang. Elva er eit steinkast frå leiren, her vert det opplæring i flugekasting og teknikkar.  I elva kan ein fiske aure og laks.

Vi overnattar i telt, grillar og kosar oss ved bålet.

Ta med eige telt, fiskeutstyr og redningsvest om du har. Treng du å låne noko, gje beskjed.

Deltakaravgift: kr 200,- for medlemer i NJFF og kr 900 for andre.   Deltakaravgifta dekker mat, fiske og andre utgifter under sjølve leiren.  Ungdom som har fyllt 18 år må betale statens fiskeravgift for laks og sjøaure.

Påmelding til sognogfjordane@njff.no eller på nettsida www.njff.no/sognogfjordane - gå til kalenderen og finn fiskecampen der, påmelding innan 1. juni.

 

Bileta er frå andre fiskeaktivitetar for ungdom, 2017 er det første året vi har fiskecampen.

Jente laks_Lærdal jfl.jpg 

Frå laksefiske for ungdom i Lærdalselva, Lærdal elveeigarlag og Lærdal jakt- og fiskelag.

ståande.jpg 

Frå Camp Villaks i Gaular

havfiske 3.jpg Frå havfisketur for ungdom

Storfiskaren Vilde2.jpg Storfiskaren Vilde i Aurland

stor animasjon fisk.jpg Frå fylkesleir for ungdom på Nesholmen

 

 

 

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.