Fiskelukke i Kvalvika
Publisert 15.11.2019 12:03
Oppdatert 15.11.2019 12:25
Heilt sidan han var gutunge har John Egil Svortevik fiska i Kvalvika utanfor Eikefjorden, men denne fisketuren vart spesiell!
Fiskelukke i Kvalvika

​​​​​​​Saman med eine sonen sin, Aksel, og kompisen Danut Iulian Ghetea​, reiste John Egil ut i Kvalvika for å dra line, som han hadde sett på 60 meters djupne kvelden før. Når dei kom for å dra sniklina, var den blitt dratt ut på 100 meter djupne. Dei drog opp lina og i enden fann dei ein 2 meter lang havål som hadde tatt agnet!

Danut og Aksel hadde ålen sitt hovud i håven, medan John Egil tok tak midt på ålen og etter mykje strev fekk dei den ombord i båten.  Dei visste ikkje kva det var med det same, og måtte bruke google for å finne ut at dette var ein havål. Dei fann også ut at den ikkje var freda​, og kakka den i hovudet og sløgde han.  Dei trudde han då var daud, men det var den definitivt ikkje! Det vart eit basketak i båten, og dei måtte inn på google igjen og fann ut at det ikkje var så enkelt å avlive ein havål. Det var til og med ein som hadde skreve at det beste var å hive den i frysen nokre veker og håpe at det ville ta livet av ålen fortel Svortevik.  

På kvelden steikte og åt fiskarane ålen, men ingen andre ville smake, så det var godt dei fekk mykje anna god fisk i tillegg. 5 langer, rundt 20 torsk og eit par hyser vart med heim denne dagen, i tillegg til havålen.  Så dei fekk livet av havålen til slutt!


Havålen kan bli opptil 3 meter lang, men det vanlege er at hoa vert 1,5- 2 meter lang. Hannen vert aldri lenger enn 1 meter. Vekta kan bli 110 kg. Blodet til havålen er giftig, men gifta forsvinn ved koking eller steiking. Havålen finst heilt ned til 4000 m djup, men som regel ikkje djupare enn 250 m. Den lev på steinbotn og jaktar fisk, blekksprut og krepsdyr, helst om natta. 
I 5 -15 års alderen vert den kjønnsmoden. Tarmane og andre indre organ forsvinn og kropsshula vert fylt opp av kjønnsprodukt. Gyting skjer på 3000-4000 m djupn i vestlege del av Middelhavet og i Atlanterhavet mellom Gibraltar og Azorene. Etter gyting dør dei vaksne fiskane. 

68628217_2421376768146801_2760378844098592768_n.jpg


74161626_774041653066729_4820749040528392192_n.jpg

74299288_497334337522562_9155620950689972224_n.jpg

73399966_2480336085347536_4080153759366250496_n.jpg

76602176_405479906999977_4564092356244013056_n.jpg

74609503_435844957073168_795338552064868352_n.jpg

74589770_408612529832421_320186749605117952_n.jpg

- Annonse -
Aktiviteter 2020
Gaularfjellprøven
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.