Det er til saman 3 konkurransar: beste jaktbilete, beste fiskebilete og beste friluftsliv/naturbilete.
Ein kan sende inn så mange bileter ein vil. Innsending fortløpande, seinast innan 15. desember 2020.
Bileta må vere tatt i Sogn og Fjordane og du kan berre sende inn bileter du har tatt sjølv.
Bileta må vere i så stor oppløysing som mogeleg (minimum 1 MB/800px) og i jpg, gif eller png-format.
Det er innsendar sitt ansvar å få løyve til å offentlegjere eventuelle identifiserbare personar på biletet.
Ved bileter av barn under 15 år må foreldre samtykke på vegne av barnet.
NJFF Sogn og Fjordane forbeholder seg retten til å kunne bruke innsendte bileter.
Premiar i alle 3 kategoriar:1. premie kr 5.000
2. premie kr. 2.000
Send bileter til sognogfjordane@njff.no og opplys om: 1. Namn på fotograf2. Mobilnummer3. E-post adresse4. Informasjon om biletet (t.d. kvar, når, kva, kven…)Eller bruk instagram med #fotonjffsf2020