Gje innspel til Heidersprisen og barne- og ungdomsprisen
Publisert 25.01.2021 18:58
Oppdatert 25.01.2021 18:58
NJFF Sogn og Fjordane ynskjer innspel til kandidatar til både barne- og ungdomsprisen 2020 og Heidersprisen 2021
Gje innspel til Heidersprisen  og barne- og ungdomsprisen

Heiderspris

 

Pris til ein enkeltperson frå Sogn og Fjordane som i løpet av ein lengre periode har / har hatt eit stort engasjement i eit lokalt jakt og fiskelag, fylkeslaget eller i landsstyre.

 

Heidersprisen kan bli gitt til ein person som har gjort ein flott innsats over lengre tid, i periodar med opphald i mellom eller samanhengande.

 

Lokale jakt- og fiskelag i Sogn og Fjordane og fylkeslaget kan foreslå kandidatar.

 

Forslag på kandidatar må innehalde moment for kvifor denne personen fortener å bli heidra. Gjerne vedlagt dokumentasjon som t.d. avisutklipp eller liknande.

 

Nye forslag må sendast inn til fylkesstyret innan 1. mars.

 

Prisen vert delt ut på fylkeslaget sitt årsmøte, men ikkje nødvendigvis kvart år.

 

Heidersprisen er unik 


Barne -og ungdomspris

Prisen vert delt ut til eit lokalt jakt- og fiskelag eller enkeltperson i Sogn og Fjordane som har utført eit godt barne- og ungdomsarbeid i laget i året som gjekk.
Dei lokale jakt- og fiskelaga sender inn eit oppsett over kva som er gjort for barn og ungdom året før søknadsfristen. T.d. faste klubbdagar i månaden for ungdomsgruppa, kurs og aktivitetar mynta på barn og ungdom.
Oppsettet må sendast fylkesstyret innan 1. mars.
Fylkesstyret velgjer ut vinnar til barne- og ungdomsprisen ut frå skjønn, ikkje nødvendigvis det laget /personen som har hatt flest aktivitetar. Styret kan vektlegge ulike moment år for år.
Prisen vert delt ut på fylkeslaget sitt årsmøte.
Pris: kr. 5.000,- som brukast fritt av prisvinnar i laget sitt arbeid. Prisen vert utbetalt til prisvinnaren sitt lokallag.​




- Annonse -
Gaularfjellprøven
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2021 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.