Grunnkurs jatkhund og instruktørkurs aversjondressur
Publisert 16.06.2020 13:38
Oppdatert 16.06.2020 13:38
NJFF Sogn og Fjordane arrangerer grunnkurs jakthund 10-12. juli og instruktørkurs aversjon 14. juli. Påmeldingsfrist innan 3. juli.
Grunnkurs jatkhund og instruktørkurs aversjondressur

​Grunnkurs jakthund: https://www.deltager.no/grunnkurs_jakthund_10072020#init

Instruktørkurs aversjon: https://www.deltager.no/instruktorkurs_aversjonsdressur_14072020#init


GRUNNKURS JAKTHUND: 

Stad:    Thon Hotel Jølster, Skei i Jølster

Tid:      
Fredag 10. juli kl 18 - 22
Laurdag 11. juli kl 09 – til ca 17
Søndag 12. juli kl 09 – til ca. 16

Påmelding innan 3. juli

Deltakarpris kr. 2000,- for medlemer i NJFF
Deltakarpris kr. 2600,- for ikkje-medlemer
Deltakarprisen inkluderer ikkje boka som må lesast på førehand, heller ikkje ovenatting. Deltakaravgifta inkluderer mat under kurset.  

Påmelding og betaling skal skje på nett. Det er vanleg at lokallaget du skal bli instruktør for, dekker utgifter. Spør gjerne om lokallagsleiar eller kasserar kan gjerne melde deg på.


Instruktør: Inga Berit Lein, NJFF Nord-Trøndelag

For info om kurset, ta kontakt med Inga Berit, 95129490 ingaberitlein@gmail.com   eller Reidun Seim, 97076702, sognogfjordane@njff.no


KRAV TIL DELTAKAR:

Erfaring med eigen hund

Lest boka ”Dressur av jakthunder – frå valp til god jaktkamerat” Den kan du bestille her: https://www.njffbutikken.no/no/artiklar/dressur-av-jakthunde-fra-valp-til-god-jaktkamerat.html. Skal lesast FØR kursstart. Ta også med til kurset.

Kursinnhald:
- Info om instruktørordninga i NJFF
- Grunnleggande pedagogikk
- Hunden si utvikling: opplæring, oppdragelse og sosialisering
- Innlæringsvegen
- Mentaltesting av hund
- Adferd og observasjon​


INSTRUKTØRKURS AVERSJONSDRESSUR:  

Stad: teams. Dei som melder seg på vil få ein invitasjon til kurset på e-post. Sjekk at epost adressa er korrekt ved påmelding!

Tid: 14. juli kl 18.00 - 22.00 Kurs på teams til kl 21,  eksamen på nett rett etterpå, må fullførast til kl 22. 

Påmeldingsfrist: 8. juli


Krav til deltakar:
Fullført og bestått grunnkurs jakthund
Lest igjennom instruktørheftet. Denne vert sendt på e-post til deltakarane
Signert avtale med sitt lokallag. Denne vert sendt på e-post til deltakar og lokallagsleiar. 

Før ein vert autorisert som instruktør, må ein fullføre aspirantarbeid:
Etter instruktørkurset skal ein teste minst ti hundar av fire ulike rasar under tilsyn av autorisert instruktør. Minimum fem av desse hundane skal ikkje ha vert aversjonstesta tidlegare. Autorisert instruktør skal gje skriftlig vurdering av aspiranten sitt arbeid til fylkesinstruktør.  


Kursleiar / fylkesinstruktør: Endre Alstad, NJFF Nord-Trøndelag


Har du spørsmål til kurset? Ta kontakt med Endre Alstad på 90876225, n.trondelag@njff.no eller Reidun Seim, 97076702, sognogfjordane@njff.no ​



- Annonse -
Aktiviteter 2020
Gaularfjellprøven
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.