Jakt med hund?
På nettsidene våre vil vi legge ut informasjon om der du kan jakte med hund, houvdsakleg rype- og småviltjakt, sjå menyen "jakt med hund"
Veit du om fleire stader enn det som er oppført, blir vi glade for tilbakemelding!
SIKKERHEITSBEKLEDNING UNDER JAKT Årlege jaktulukker syner kor viktig det er å vere bevisst på kva ein har på seg under jakt. Godt synlege klær for jaktkompisar er ikkje nødvendigvis godt synlege for viltet. Fleire firma lagar sikkerheitsbekledning for at jegeren skal vere godt synleg for andre jegerar, men likevel i kamuflasje for viltet. JEGERAVGIFTSKORTInformasjon om jegeravgiftskort, finn du hjå Jegerregisteret. Her kan du bestille nytt om du har mist det gamle. Du kan betale jegeravgifta via Internett. Då slepp du å vente på jegeravgiftskortet i posten, og kan dermed reise på jakt med det same. Betaler du jegeravgifta med kredittkort blir betalinga umiddelbart registrert i Jegerregisteret.
JAKTRAPPORTERING PÅ NETTAlle som betalar jegeravgift skal anten sende inn skjemaet som følgde med jegeravgiftskortet, eller rapportere elektronisk. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vore på jakt siste jaktår, eller om du har vore på jakt utan å få fangst. Jegerar som ikkje rapporterer innan fristen, blir pålagt ei tilleggsavgift.
SKYTESIMULATOR PÅ LUNDE TURISTSTASJONLunde Turiststasjon har skytesimulator til leige som kan brukast til skytetrening og venelag for ein morosam kveld. Medlemer i NJFF får 10 % rabatt. Les meir: SkytesimulatorVILTMOTTAK I FJALERViltmottaket "Kystvilt" tilbyr: Veterinærkontroll, foredling av hjortekjøt (blant anna partering), kjøp og sal av kjøt, avskyting, og formidling av jakt. Sjå innom Kystvilt sine heimesider for meir informasjon.