Medlemer i NJFF i Sogn og Fjordane har desse medlemsfordelane i tillegg til lokale og sentrale fordelar:
Holmevasshytta til utleigeHytte på Gaularfjellet for medlemer i NJFF og KFUK-KFUM. Informasjon og booking: https://www.inatur.no/hytte/59c26535e4b0770f53873396/holmevasshytta-pa-gaularfjellet-for-medlemer-i-njff-og-kfuk-kfum
Laksefiske for ungdom - rabatt i Ommedalselva i Hyen
NJFF Sogn og Fjordane inngått samarbeid med Ommedal Grunneigarlag i Hyen. Ungdomar (opp til og med 25 år) som er medlem i NJFF i Sogn og Fjordane får tilbod om å fiske laks og sjøaure i Ommedalselva for halv pris, dette gjeld 12 timars kort og døgnkort. Rabatten gjeld ikkje vekeskort og årskort.
Pris for NJFF-ungdomar er: døgnkort kr 150,- 12-timars kort kr 100,-.
Dei ungdomane som vil nytte seg av dette kjøper fiskekort i ei sjølvbetjeningsbu i Ommedal; fyll ut fiskekortet, kryss av for kva korttype du kjøper og noterer ned teksten «NJFF + medlemsnummeret ditt» på kortet. Legg så pengane i konvolutten tilsvarande 50% av gjeldande pris (100 eller 150) og noter summen i feltet for dette på kortet.
Alle pliktar å setje seg inn og fylgje dei til ein kvar tid gjeldande reglane for utøving av fiske i Ommedalselva. Reglane står i «kortbua». Fangstrapport skal leverast uansett resultat.
For dei som er over 18 år må fisketrygdavgifta vere betalt før ein løyser fiskekort.
20% Rabatt på kurs hjå Huseklepp FiskeskuleHar vaksne medlemer med ungdom i alderen 14-20 år, går desse gratis. http://www.bjarnehuseklepp.com
10 % Rabatt på skyting i skytesimulator hjå Lunde Turiststasjon
PRISARNB! NJFF -medlemer får 10% rabatt som skal fråtrekkast desse summane. SIM TARGET - skytesimulatorSerie Kr. 25,-. Grupper inntil 6 pers./ 2 timar Kr. 500,-. Privattimar pr. pers./time Kr. 200,- (opplæring og skyting). 3 mnd. abonnement/ 1 kveld pr. veke Kr. 1200,-. 6 mnd. abonnement etter avtaleLuftgevær25 skot Kr. 30,-, 50 skot Kr. 50,-Ta kontakt for pristilbod på skyteweekend (overnatting, leige av simulator, ev. leige av grillhytte og badestamp). NB! SIM TARGET skytesimulator kan lett flyttast til anna lokale. Lag og organisasjonar kan gjerne ta kontakt for pristilbod dersom ein ynskjer å leige instruktør og simulator til eige lokale.Lunde Turiststasjon, www.turiststasjon.no
LAKSEFISKE I GAULA, GAULAR
Gaular jfl har ikkje fiske på valdet Bjørkeskogen i Gaula i 2018, så tidlegare informasjon om kort til alle NJFF-medlemer gjeld ikkje lenger. TRYKK PÅ HUNDEDEKKEN MM
NJFF Sogn og Fjordane har inngått samarbeid med R-Profile i Førde og dei kan tilby medlemer trykk av namn og telefonnummer på hundedekken til ein god pris. Pris for personnamn uansett antal bokstavar: kr. 100 per namn
Pris for telefonnummer: kr 100 per nummer
Storleiken på namn og nummer kan tilpassast
Send inn ditt hundedekken eller liknande, og få på trykk :)
www.r-profile.no
HUNDEFÔR SPORTSMAN PRIDE
Rimeleg kvalitetsfôr til jakthunden, velg blant valp, senior, vedlikehold, ekstrem. Spør også etter sensitive om du treng. Ekstrem har 31% protein og 22% fett. I Sogn og Fjordane selger desse lokallaga: Flora, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Stryn og Hornindal. https://www.njff.no/medlemskap/sider/hundeforavtalen.aspx?menuid=8 1 NØKKEL - 100 BÅTAR
Kjøp nøkkel og få tilgong til alle båtane i heile Norge. I Sogn og Fjordane er det 7 båtar med i prosjektet; Jølstravatnet i Jølster, Røsskleivvatnet i Gloppen, Vonavatnet i Naustdal, Dignernesvatnet i Førde, Farnes i Balestrand, Hermansverk i Leikanger, Ovrisvatnet i Vik. http://minebaater.no
RABATTAR HJÅ ERDAL SPORT
Alle NJFF medlemer i Sogn og Fjordane får 20% på det meste av fiskeutstyr (nokre merker 15%) hjå Intersport Førde/ Erdal Sport.
RABATTAR HJÅ VÅPENLOFTET
Alle NJFF medlemer i Sogn og Fjordane får 15% hundeutstyr og 10% rabatt på hundefor.