Rita Åshamar fylkesmeister i jaktfelt 2020
Publisert 05.07.2020 20:45
Oppdatert 09.07.2020 14:19
Etter ein spennande finaleskyting var det Rita Åshamar frå Eid jfl som tok sigeren og vart fylkesmeister i jaktfeltskyting 2020. Nummer 2 var Bjarne Eriksen frå Eid jf og nr 3 Olav Marius Aa frå Hyen. Gratulerer!
Rita Åshamar fylkesmeister i jaktfelt 2020
I midten, nr 1 Rita Åshamar, Eid jfl, til venstre nr 2 Bjarne Eriksen, Eid jfl, til høgre nr 3 Olav Marius Aa, Hyen jfl.

​​​Årets einaste jaktfeltstevne vart arrangert av Hyen jfl, laurdag 4. juli. Stevnet var også fylkesmeisterskap og mange jegerar og skyttarar hadde møtt opp denne fine dagen. Totalt var det 58 deltakarar med. 

Etter at alle hadde skote, stod både Rita Åshamar og Olav Marius Aa med 140 poeng. Bak dei var det mange gode skyttarar som også skulle delta i finalen. Etter ein spennande finale, vann Åshamar foran Eriksen og Aa. 

​I lagskytinga var det Hyen jfl som stakk av med sigeren:

Nr 1 Lag, Hyen jfl. 392 poeng. 
Marius Aa, Anders Ommedal og Geir Kjetil Aa.

Nr 2 Lag, Eid jfl, 385 poeng. 
Rita Åshamar, Kjell Magne Åshamar og Bjarne Eriksen

Nr 3 Lag, Sogndal jsfl, 300 poeng.
Even H. Øyehaugen, Lars Ove Dalsvik og Frank Venes

Nr 4 Lag, Luster jfl, 325 poeng. 
Tor Einar Ødegård Bjørk, Lars Erik Espe og Vegard Molland Røneid.


RESULTAT JAKTFELTSTEVNE: 

Jaktfelt-fylkersstemne-2020 innleiade samla liste.pdf

Jaktfelt-fylkersstemne-2020 innleinande sortert på klasse.pdf

Jaktfelt-fylkersstemne-2020 Resultat etter finale.pdf

Resultat lagskyting FM jaktfelt 2020.pdf


Foto: Geir Kjetil Aa Hope

mindre bilde.jpg

mindre bilde2.jpg


- Annonse -
Aktiviteter 2020
Gaularfjellprøven
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.