Registrere seg som lisensjeger: Alle som vil jakte bjørn, jerv, ulv og gaupe må registrere seg som lisensjeger i jegerregisteret https://www.brreg.no/jegerregisteret/lisensfelling/
For å registrere seg som lisensjeger må ein:
Kvitteringa for registrering som lisensjeger skal takast med under felling / fellingsforsøk. Lisensjegerar som jaktar med rifle skal ha dokumentasjon på gyldig skyteprøve. Lisensjeger må forholde seg til vedtak og vilkår fatta av den regionale rovviltnemnda i den regionen lisensjakta skal finne sted. Alle som deltek pliktar å halde seg oppdatert om storleiken på kvota, gjenverande kvote og evt. andre begrensingar for jaktutøvinga. Løyve frå grunneigar: For å jakte på bjørn, jerv, ulv og gaupe må ein ha løyve frå grunneigar. Ta gjerne kontakt med organiserte grunneigarlag / utmarkslag for å sjekke om desse gjev løyve til liesens- og kvotejakt. Om ikkje, må ein spørje kvar enkelt grunneigar. Felt rovvilt: Felte dyr skal framvisast for Statens Naturoppsyn umiddelbart for kontroll, merking og prøvetaking. Felte dyr skal meldast straks til fylkesmannen og kommunen. Forsøk på felling / ettersøk: Den som skadeskyt eller har forsøkt å felle / skyte på bjørn, jerv, ulv eller gaupe skal utan opphald underrette fylkesmannen og nermaste politimynde. Fylkesmannen avgjer vidare gjennomføring og avslutning av ettersøk. Den som har delteke i forsøket på felling, skal utan godtgjersle bistå forvaltningsmyndigheitene eller politimyndigheitene i det vidare ettersøket.
JERV
GAUPE
Rovviltnemnda har opna for kvotefri jakt: https://prosjekt.fylkesmannen.no/Rovviltnemnda-region-1/Nyheiter/Kvotefri-gaupejakt4/