Sogn og Fjordane har ein samla kvote på 25 steinkobbar. Kvar jeger vert tildelt ein maksimalkvote på fem steinkobbar, for å sikre at samla kvote ikkje vert overskriden. Jakttid for steinkobbe er frå 2. januar til og med. 30. april og 1. august til og med 30. september. Det er forbode å drive jakt på steinkobbe i indre Sognefjorden med sidefjordar.
Det er eit generelt jaktforbod i sjøfuglreservata og våtmarksreservata. Det er gjor unntak for desse sjøfuglreservata, der jakt etter verneforskriftene er tillate i tida 10.9.-31.3.: Askvoll: Kuøyna, Raudøy, Krokholmen, Kvannholmen, Prestøy Bremanger: Skorpeholmane, Haukedalsholmane Flora: Nekkøytåa, Indre-Ånnøy, Timberøyholmane, Trefotskjera, Karsskjeret Fjaler: Holmelidholmen Solund: Ramsholmen, Mågøyane
Området sør for Stad har ein kvote på 60 havert (samla kvote for område Lista–Stad) og jaktperiode frå og med 1. februar til og med 30. september. Område Nord for Stad har ein kvote på 105 havert (samla kvote for område Stad-Lofoten) og jaktperiode frå og med 2. januar til og med 15. september.
Fri jakt på grønlandssel langs Norskekysten. Jaktperioden er mellom 2. januar og 30. september.
Bruk søknad om felling av kystsel og fyll ut opplysningane som krevs.Kopi av skyteprøve MÅ følgje søknad.
Om du hadde fellingsløyve på sel for førregåande år og ikkje har sendt inn fangstskjema, vil du få avslag på søknad om fellingstillatelse.
Felling av sel skal meldast til fylkeskommunen fortløpande. Det kan gjerast på e-post eller tlf. 57 63 80 00 (i arbeidstida). Når den samla kvoten eventuelt vert fylt vil fylkeskommunen stogge jakta (på den aktuelle arten) og sende melding om dette til jegerar som har løyve til å jakte kystsel i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Fylkeskommune: postmottak.sentraladm@sfj.no
Fylkeskommunen vil helst ha søknad på e-post, men har du ikkje høve til det, kan du sende søknad til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.
I forskrifte om regulering av sel på norskekysten står det:
"Sel som oppholder seg i vassdrag der det går laks, sjøørret eller sjørøye kan avlives etter tillatelse fra Fiskeridirektoratets regionkontor."
Det vil si at søknad skal sendast til Fiskeridirektoratet region vest.Send søknad enten på e-post til postmottak@fiskeridir.noeller sende skriftelig til: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen
Denne informasjonen er kopiert frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune si heimeside: http://www.sfj.no/jakt-paa-sel.337893.nn.html
Skitt jakt !