Forvaltningsmessig er det bra å felle såkalla "skrapdyr", det vil seie unormalt små dyr for alderen. Både fjellstyrer, statskog og mange storvald honorerer avskyting av slike dyr. Har du skote ein liten hjortebukk kan du her vere med på ein årleg konkurranse som gjeld heile Sogn og Fjordane.
Ein premie vert trekt ut av alle bidraga som er innsendt.Ein premie vert kåra av ein jury som vurderer bilete og sjølve dyret. Premiane er like.
For å kunne delta må du:
1. Ha skote ein bukk som ein anser som liten i forhold til normalen.
2. Ha bilete av bukken. Til seinare konkurranse: komponer gjerne biletet fint, det vil ha betydning for den eine premien som skal vurderast av ein jury.
3. Oppgje slaktevekt
4. Oppgje om mogleg alder på dyret. Opplys om dyret er kalv, halvtanna årig (ungdyr) eller eldre. Om ein hjort er kalv, ungdyr eller eldre finn ein ut ved å sjå på tennene. Her finn du vegleiing for å aldersbestemme dei ulike typane hjortevilt: http://www.hjortevilt.no/aldersbestemmelse-kjeveanalyse-og-tannsnitt/
5. Oppgje antal takkar
6. Oppgje namn på skyttar og fotograf, samt mobilnummer, e-post adresse og adresse til skyttar som sender inn bidraget.
Arrangørar av "Årets vesle hjortebukk" : Norsk Hjortesenter Vestskog BA Sogn og Fjordane BondelagNorges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane
Send inn bidraget med bilete til sognogfjordane@njff.no innan 15. februar 2019.
Juryen består av ein representant frå kvar av arrangørane. Vinnaren av uttrekkspremien vert trekt ut på middagen under viltseminaret i Florø 15. mars 2019.
Vinnarane vert annonsert på viltseminaret og lagt ut på nett