Haukedalsvatnet ligg 40 km frå Førde ,ligg øverst i Gaularvassdraget,opp under Jostefonn, det er ca.10 km2 stort.
Aurekvaliteten er veldig bra,ein får mykje fin fisk mellom 200-400 gr,veldig fin fisk til grilling eller rakfisk, raud og fin i kjøtet, største i 2013 var 2,5 kg på mark
Anbefalte fisketider :
Garnfiske: Mai,august og september
Stangfiske:15.juni - 30,september
Oter :August - september
Garnfiske er best når det er mørkt om natta, så fangstane blir mindre midtsommars.
Stangfiske begynner å bli bra frå midten av juni, alt etter temperaturen, tidlegare er det mykje snøsmelting og kaldt vatn og dårleg bitt, auren liker vanntemperatur 12-14 grader.
Skal ein dorge må ein ha ut 60-70 m line,skal ein få fin fisk må ein fiske djupt 15 - 20 m,makkedrag er populært,mange fiskar på 20-30 m djupne,må bruke søkke,beste område for makkedrag er frå tunnelen og vestover i vatnet.
Oter er best om hausten,midt på sommaren får ein mykje småfisk sidan den er oppe i vannflata.
Grunneigarlaget har kjøpt 20 småmaska garn,så folk som er interessert i fiske opp småfisk får låne båt og garn, grunneigarlaget betalar 1 kr.fisken.
Haukedalen Grunneigarlag har bygd opp ein gapahuk med støtte frå Innlandsfiskeprosjektet og Gjensidigestiftelsen, gapahuken har grill og er til bruk for både bygdafolk og fisketuristar.
Gapahuken ligg ca.7 km inn i dalen frå krysset på Rørvikfloten, ca.1 km forbi tunnelen.
Fiskekortprisar 2014:
Stang :kr.80 pr.døgn - veke kr.300
Oter :kr.100 pr.døgn - veke kr.350
Fiskekort kan kjøpast på nettet hos Inatur
Fiskekort, båtutleige og overnatting :Gert Runar Rørvik - 95223216,Haukedalen Fiskeferie,www.h-fiskeferie.no - 91792276,Vidar Leganger 93459884 - 93014170,Ivar Frøysland - 90798498 og Roald Kjelstad - 99226827.
Kontaktinfo: Gaular kommune ved Terje Aarskaug tlf.91792276
I tillegg er følgende gapahuker under planlegging i løpet av 2015:
Vh,
Marte Conradi
Miljøvernleiar
Høyanger kommune
Telefon: 57711519
Mobil: 971 45 019
Tilrettelagt for universell utforming. Fiskeplass på Dispen i Strynsvatnet. Grunneigarlag sitt fiskekortområde nederst på Oppstrynsvatnet. Kontaktperson er Jon Roger Meland (adresse Stryn). Kontaktperson Stryn kommune ved Odd Rønningen, Tlf 57874716