Å komme seg ut, gjer godt for kropp og sjel. Og følg myndigheitene sine råd og påbod for å hindre spreiing av korona-viruset. Råda finn du her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/?term=&h=1
Hald god avstand til andre, og hugs at den lovpålagte bandtvangen for å verne om vilt, reir, egg og husdyr er starta.
Ta deg gjerne ein tur i nærmiljøet ditt, ta med fiskestang og besøk eit fiskevatn, ta med ved for å lage bål og bålmat (der det er tilrådeleg å lage bål), gå på lommelykttur med familien, fiske langs fjorden saman med bålkos, ta med fuglebok og finn namn på fuglar dokke ser eller andre morsomme ting.
Her har vi funne fram nokre alternativer til turar, men vi har store områder å ta av i kommunane våre:) Hugs kle og sko etter forholda. Sjekk linken ved kvar tur for meir informasjon. God tur!
Dagsturhytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane: Hyttene er muligens stengt no pga smittefaren, men sjølve turen til hytta er like fin. Lågterskeltilbod i alle kommunar.
Trivselskogen på Sandane i Gloppen
Mostien på Mo i Sunnfjord
Nobba, Kvalheim (Vågsøy) i Kinn
Ljøsnaveiti i Lærdal
Utsikta, Eid i Stad
Svardal - Skolten, Kinn
Lotsberg i Eid, Stad til indre og ytre Åsane. Kan gjerne starte nede ved sjøen, nær Åsevika, og gå opp til indre og ytre Åsane i desse tider. Slepp då å køyre gjennom gardstun til folk.
Halsør til Skongsnes fyr Kinn (Vågsøy). Køyre forbi Raudeberg mot Halsør. Kan gå i lauvskog ca 1 time til fyret og returnere langs fjøra tilbake. NB! Om du går langs fjæra tilbake bør det vere fjære sjø då du må klyve et par plasser.
Eikefjordstøylen i Kinn
Hatlesetnipa frå Grov eller Hatleset i Kinn
Korssund - Stroka i Fjaler
Einingsfjellet i Fjaler
Nipebu i Askvoll - Lang tur, ta med telt og sovepose (hyttene er stengt no pga smittefare) Du treng ikkje gå heilt til nipebu, sett leir der de vil :)
Dyrehovden i Askvoll
Skorvemarka i Askvoll er eit fint utgangspunkt til mange turar, korte eller lengre. Linken går til ein krevjande tur, men du kan ta korte turar i nærområdet eller gå så langt de vil :)
På ski: Humlestøylen i Florø har oppkøyrde skiløyperKleppa i Leikanger i Sogndal: https://syril.no/anlegg/kleppa/Hodlekve i Sogndal https://www.sogndalskisenter.no/ Utvikfjellet i Gloppen: https://www.breimsbygdaskisenter.no/Kleivane Gloppen: https://www.facebook.com/SkiforePaKleivane Nordfjord Fritidssenter, Blaksæter i StrynStryn: http://www.strynturløyper.no Stigedalshytta / Tua, Stad https://www.fellesanlegget.no/ Harpefossen https://www.harpefossen.no/skisenter/langrenn/
Hornindal skisenter https://hornindalski.no/Årdalen i Jølster Sunnfjord https://www.jolsterlia.no/skiLangeland i Sunnfjord https://www.facebook.com/langelandskisenterSogn Skisenter i Sogndal https://www.sognskisenter.no/ Vik skisenterVikafjellet Seimsåsen, Årdal https://www.facebook.com/pages/category/Sports---Recreation/Seims%C3%A5sen-Aktivitetsenter-1418383258459207/
Se tips til enda flere aktiviteter her!
Tagg gjerne bileta dine med #NJFF og #NaturenErÅpen på Instagram.