Treningsområde Gaularfjell
Publisert 08.02.2016 16:21
Oppdatert 23.09.2019 22:28
Treningsområde Gaularfjell
Vintersamling, Gaularfjell. Foto: Rune Olsbø
​​​​​​Treningsområde for fuglehundar på Gaularfjellet
I tidsrommet 15.10 - 31.03
NB! Jaktforbod! Terrenget er kun for trening, ikkje jakt.

NB! Treningsområdet er stengt frå og med mandag 4.mars til og med søndag 10. mars 2019 pga Gaularfjellprøven
​​
Kart over treningsområdet: Kart treningsterreng Gaularfjell.pdf
 
Prisar treningskort:
Sesongkort: Gjeld frå 15.10 til 31.03. 
kr. 500,- for medlemer knytt til lokallaga i Sogn og Fjordane.
Kr. 700,- for andre medlemer og ikkje-medlemer.
Det vert ikkje solgt helgekort.

NYTT: Betaling for treningskort skal skje her:    
https://www.deltager.no/sesongkort_trening_fuglehundar_gaularfjell_haust_2019-var_2020_15102019


Ta vare på stadfestinga som du får på sms og e-post, denne må du ta med deg når du trenar. 
 
Ved manglande betaling av treningsavgift og andre regelbrot, gjeld utestenging frå fuglehundutvalet sine tilbod, inkl. Gaularfjellprøven. Utover dette, viser vi til lovverket.

 

Det er viktig at alle hundeeigarar ryddar opp etter seg i terrenget og brukar trekasser som er sett ut for hundeposar. Hundeskit i spor og på/ved parkeringsplassen må plukkast opp og leggast i trekassa.
Vi har lagt opp til stor grad av tillit i bruken av terrenget, og ber difor brukarane om å lese spesielt nøye bruk og betalingsrutiner. Desse er å finne ved informasjonstavle ca. 200 m. vest for Langestølen.

Langestølen / Torsnesstølen er ein del av eit forvaltningsprosjekt i regi av Fuglehundutvalet NJFF- Sogn og Fjordane. Vi driv aktiv predatorkontoll, med fangst av mår, og årleg taksering av rype/skogsfuglbestanden i terrenget.

Dersom du er interessert i å delta i fellerøkting, ta kontakt.

Kontaktperson for treningsområdet: Bertil Olsbø, olsboe86@hotmail.com , 976 10 764.

 

Overnatting Gaularfjellet:

  • Sel / hytte på Langestølen. Utan elektrisitet / vatn. Låg / enkel standard
    - Kirsti og Per Magne Bell, 975 10 165 / 906 90 819
    - Arve Bell, 996 92 248
    - Marit Eldal og Henning Skilbrei, 951 18 394, Eldalstunet

​ 

Catering og servering på Gaularfjellet 

Treng de mat /catering i høve fuglehundtrening på Gaularfjellet så kan Eldalstunet hjelpe. Dei tilbyr frukostservering med moglegheit for å lage niste og fylle termos. Også middagsservering med skjenkeløyve tilbyr dei. Ring på førehand, dei har ikkje ordinær opningstid om vinteren, enklast om det er fleire i følgje.


 

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.