Det er viktig at alle hundeeigarar ryddar opp etter seg i terrenget og brukar trekasser som er sett ut for hundeposar. Hundeskit i spor og på/ved parkeringsplassen må plukkast opp og leggast i trekassa.Vi har lagt opp til stor grad av tillit i bruken av terrenget, og ber difor brukarane om å lese spesielt nøye bruk og betalingsrutiner. Desse er å finne ved informasjonstavle ca. 200 m. vest for Langestølen.Langestølen / Torsnesstølen er ein del av eit forvaltningsprosjekt i regi av Fuglehundutvalet NJFF- Sogn og Fjordane. Vi driv aktiv predatorkontoll, med fangst av mår, og årleg taksering av rype/skogsfuglbestanden i terrenget.Dersom du er interessert i å delta i fellerøkting, ta kontakt.Kontaktperson for treningsområdet: Bertil Olsbø, olsboe86@hotmail.com , 976 10 764.
Overnatting Gaularfjellet:
Catering og servering på Gaularfjellet
Treng de mat /catering i høve fuglehundtrening på Gaularfjellet så kan Eldalstunet hjelpe. Dei tilbyr frukostservering med moglegheit for å lage niste og fylle termos. Også middagsservering med skjenkeløyve tilbyr dei. Ring på førehand, dei har ikkje ordinær opningstid om vinteren, enklast om det er fleire i følgje.