Vidaregåande kurs ettersøk
Publisert 26.01.2017 10:40
Oppdatert 01.02.2017 16:49
Vidaregåande kurs ettersøk
Vidaregåande kurs ettersøk
NJFF Sogn og Fjordane og Gulen jspfl inviterer til vidaregåande kurs ettersøk. Kurset er obligatorisk for dei som skal gå offentlege ettersøk. Stettar du ikkje krava for kurset, får du det ikkje godkjent, men kurset er ope for alle.

​Målgruppe:

Kurset er berekna på alle som driv aktivt innan ettersøk, og som er aktive innan jakt og offentlege ettersøk, samt dei som har viltforvaltning i kommunen som fagfelt.

Mål med kurset:
- Gje kompetanse til å leie og gjennomføre offentlege ettersøk

- Gje utvida kompetanse til gjennomføring av ettersøk på eige jaktlag eller på vegne av andre

- Spisskompetanse på skotplassundersøkingar

- Kompetanse på sikker og human avliving i ettersøkssituasjonar

 

Stad: Gulafjordvegen 1900 (Tjørnleite), Dalsfjorden i Gulen Kommune  

Dato: 24.-26. mars 2017, start fredag kl 19.00

 

Deltakarpris kr. 2.900,- for medlemer i NJFF, kr. 3.900 for ikkje-medlemer

Deltakarprisen inkluderer kursmateriell, mat og overnatting.  For dei som ikkje overnattar, vert prisen kr 2.300 / 3.300.

 

Påmelding: innan 01.mars til https://www.njff.no/sider/activityenrollment.aspx?enrollmentId=56a8c0ea-8f7d-4603-81e1-4c6d187d2a88   

Krav for å få godkjent kurs:

Alle som ynskjer kan gå vidaregåande kurs ettersøk, men for å få det godkjent, må du:

  1. Vere registrert i jegerregisteret
  2. Fullført elektronisk eksamen. Dette vert gjennomgått på kurset, har du tatt eksamen på førehand, må du ta med bevis for dette.
  3. Ha ført hund til godkjenning og er eller har vert registrert i Ettersøkshundregisteret

Kursinnhald:

  • Ettersøk vidaregåande del 1, e-læring og del 2:
  • Lovverk og ansvar
  • Påkjørsle- /skotplassundersøking, praktisk
  • Avlivingsskot, praktisk
  • Tryggleik og kommunikasjon
  • Trafikk og ettersøk
  • Økonomi, forsikringsbehov og erstatningsansvar
  • Den sporreine hunden

Praktisk informasjon:
Ta med: høvelege utekle, hørselvern, 40 rifleskot og rifle, PC / nettbrett med øyrepluggar.

Ta med sovepose eller sengetøy. Alle måltid er inkludert i prisen. Ta kontakt om du har
matallergi!  Dei som ynskjer det, kan ta med hund.

Overnatting på Gulen Dive Resort /Dykkersenter, Glosvikveien 134, 5960 Dalsøyra.

Arrangør og instruktørar:
NJFF Sogn og Fjordane og Gulen Jeger- og Sportsfiskarlag er arrangørar.

Rudi Sønnervik – fylkesinstruktør Ettersøk og ettersøksutvalet: Ann-Kristin Gaare, Bente Skrede, Birger Hogrenning, Eivind Antonisen og Trude Mari Kvamme
 
Kontaktperson: Leiar i ettersøksutvalet Ann-Kristin Gaare, ann-kristin.gaare@live.no, 41200591
 
Vidaregåande kurs ettersøk 2017.pdf

Del på Facebook Del på facebook
- Annonse -
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.