Villmarksleir for eldre ungdomar!
Publisert 14.12.2016 20:46
Oppdatert 18.01.2017 13:31
Då er det tid for fart og spenning på villmarksleir igjen! Her vert skredkurs, kurs i snøholebygging, revejakt eller kråkejakt, isfiske, skiskyting mm, overnatting inne eller ute.
Villmarksleir for eldre ungdomar!
Frå tidlegare villmarksleir. Foto: Åge Avedal.

​Villmarksleiren er open for alle ungdomar frå 15 år og oppover. Leiren skal vere 24.-26. februar i Bergsdalen i Hordaland. Her vert det mykje artig, bli med på dei aktivitetane du vil! Valfritt om du vil overnatte i hytte eller ute i snøhole. 

Kanskje du har ein ungdom du vil gje leir-deltaking til  som julegåve? Ta i så fall kontakt med NJFF Sogn og Fjordane på 97076702 eller sognogfjordane@njff.no innan  20. desember.  

Deltakaravgift  kr 500 for medlemer i NJFF,  andre kr 600. Inkluderer alt utenom reise til og frå leiren. Det ein treng av utstyr er gode vinterkle/sko, sovepose og gjerne ski og eventuelt akebrett.

 

Sjå invitasjon for meir informasjon:
Invitasjon til villmarksleir 2017.pdf

Del på Facebook Del på facebook
- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.