Viltwebinar 2021
Publisert 03.02.2021 11:44
Oppdatert 10.03.2021 10:10
16. og 17. mars vert viltseminaret 2021 arrangert som webinar. Vi har delt dei opp i 3, eit på dagtid og to på kveldstid. Norsk Hjortesenter, Vestland Bondelag og NJFF Sogn og Fjordane har dermed igjen gleda av å ønske velkomen til viltseminar!
Viltwebinar 2021
Foto: Øyvind Hopland

Viltwebinaret er eit samarbeid mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Vestland Bondelag og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema om hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape ein digital arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerar og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.

Programmet baserar seg på det same som var annonsert for Viltseminar 2020. Situasjonen som oppstod medio mars 2020 vart vanskeleg for oss alle, og vi håpa lenge det kunne vere mogeleg å arrangere seminaret i løpet av fjoråret. Vi måtte til slutt utsetje arrangementet til våren 2021 i håp om at situasjonen ville normalisere seg. Den beste løysinga no er å arragnere seminaret digitalt. 

Alle som har betalt deltakaravgift for 2020, vil få dette tilbake. Pengane er sperra på ein eigen konto hos TicketCo og alle vil bli kontakta.

Som arrangørar gler vi oss no til å kunne ynskje velkomen til tre innhaldsrike webinar. Nytt og spennande og vi håpar Viltwebinaret kan bli ein viktig arena for fagleg oppdatering. Sist men ikkje minst håpar vi at vi kan møtast igjen til tradisjonelt seminar våren 2022.

Påmelding og program: 
 https://svanoy.ticketco.events/no/nb/e/viltseminar_2021​


- Annonse -
Gaularfjellprøven
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2021 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.