Fylkesleir for ungdom - Friluftsleir for alle
Publisert 08.02.2016 16:21
Oppdatert 10.04.2019 19:47
Fylkesleir for ungdom - Friluftsleir for alle
​​​​​​​​​​Årleg arrangerer Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl og NJFF Sogn og Fjordane fylkesleir for ungdom i alderen 11 - 15 år.  Leiren er på Nesholmen i Hyen. Alle er velkomne, både medlemer og andre.
 
På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, matlaging over bål, kanopadling, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil. Laurdag vert delt i tre grupper; eine gruppa reiser til Aa-bakkane for skyting med hagle, rifle og salong. Ei gruppe reiser vidare til Ommedalselva for å fiske laks. Den tredje gruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske etc.
 
Påmelding til fylkesleiren 2019:  https://www.deltager.no/fylkesleir_for_ungdom_14062019

Program og invitasjon til fylkesleir 2019 er ikkje ferdig endå.  Her ser du for fylkesleir 2018 - program og invitasjon, blir antagleg ikkje store endringar i år.

 

Informasjon, leirreglar og program: Brev til deltakarane fylkesleir 2018.pdf 
 
                                                       
Deltakaravgift 2019:
kr. 500,- for medlemer NJFF / Fiskeklubben
kr. 900,- for ikkje-medlemer
Deltakaravgifta inkluderer alt under leiren.
Påmelding og betaling ved påmelding: ​

For eit barne- og ungdomsmedlemskap utan bladet jakt og fiske , i eit lokallag, betalar ein rundt 200 kr. Du kan melde deg inn her: https://minside.njff.no/portal/forms​ ​


Det er begrensa plassar opp til 75 deltakarar (vi tar imot 80 påmeldingar, erfaringsmessig vil der bli litt fråfall) 

 

Arrangørane stiller med naudsynt utstyr, flytevestar, lavvo og mat. Påmeldte får brev om kva dei må hugse å ta med seg.
 

Tilgong til sanitæranlegg

Påmelding leir 2019: https://www.deltager.no/fylkesleir_for_ungdom_14062019

 

Video samansett frå fleire leirar, 7 min:

 


Video, kortversjon 3,5 minutt:

 
 
 
Link for å sjå filmane på youtube:
7 min video
3,5 min video (same men​ kortversjon)
- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.