Bestandsregistrering av oter
Publisert 18.02.2016 23:40
Oppdatert 07.03.2016 15:43
Bestandsregistrering av oter

NJFF -Sogn og Fjordane inviterer medlemer, grunneigarlag, elveeigarlag, oppdrettsnæring og andre interesserte til å bestandsregistrere oter. Observasjonane leggast inn på nett.

 

Mange melder om at ein ser fleire oter no enn tidlegare og at bestanden nokre stader er stor. Det har vore ønske om jakt på oter og NJFF –Sogn og Fjordane ynskjer å få ei betre oversikt over bestanden av oter før ein eventuelt kan be om jakt på denne arten. Registreringar skal leggast inn i Artsobservasjoner.


Observasjonane vert best dersom ein tar bilete og legg ved biletet saman med observasjonen.
Ein kan også kontakte SNO og høyre om dei har anledning til å stadfeste observasjonen, men det er ikkje naudsynt. Dersom ein får gjort det, må ein føre det opp på kommentarfeltet og skrive namn på kven frå SNO som stadfesta observasjonen. Sjå liste over SNO-personell.

Mink kan forvekslast med oter. Oterspor bør følgast for å sjå om ein ser "sklie" etter oteren, noko som ein vanlegvis ikkje finn etter mink.
Sjå nokre faktasider om oteren for å bli meir sikker i din observasjon. Link til desse nederst på sida under relaterte linker.


Observasjonar rapporterer du på www.artsobservasjoner.no/virvel



Denne nettstaden er eit rapporteringssystem for alle pattedyr, amfibier og reptil. Der er likedan for vekster, fuglar og småkryp.
Alle registreringar som vert gjort, er tilgjengeleg for alle, og ein kan når som helst gå inn og sjå kva som er rapportert av den enkelte art.


For å legge inn observasjonar må du "bli rapportør" og oppgje brukarnamn og e-postadresse. Då får du eit passord sendt til e-post adressa di. Logg deg inn.

Deretter må du finne lokaliteten du har vore på i kartet under arkfana Rapportere og Nytt funnsted. Har du sett oter i lag med andre, må vedkomande også bli rapportør for å verte din medobservatør. Når du skal rapportere velgjer du deretter prosjektet ”Bestandsregistrering for oter” og legg inn dine observasjonar. Bruk aktivitetskode for kva oteren gjorde når du observerte. I kommentarfeltet kan du leggje inn andre opplysningar om artsfunnet. Når du har rapportert, kan du laste opp bilete av oteren du såg under arkfana Administrer funn. Då er det lettare for andre å vere sikker på at du har lagt inn rett art.

For å registrere lokaliteteten, kan du anten legge inn Kart/ GSP koordinatar eller zoome deg inn på kart.


Sjå brukarveiledningen (manual) på registreringssida for meir detaljert informasjon om du treng det. 
 

NB! Bruk menylinja oppe aktivt.

Treng du hjelp til registrering, ta kontakt med:

Artsobservasjoner virvel
Brukarstøtte Magne Flåten
Tlf: 33 39 23 80
Mobil: 988 42 962
artsobservasjoner.virvel@gmail.com 


Alternativt kan du ta kontakt med NJFF -Sogn og Fjordane på 57 86 83 55 / 970 76 702 eller sognogfjordane@njff.org 

Prosjektansvarleg: NJFF -Sogn og Fjordane ved Fagleiar Vilt, Geir Haukaas.

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.