Uttak av raudrev og mink i Gloppen
Publisert 08.02.2016 16:25
Oppdatert 07.03.2016 15:43
Gloppen Jeger- og Fiskarlag har saman med Norsk Sau og Geit fått vidareført ordninga med kommunal skotpremie på raudrev og villmink.
Uttak av raudrev og mink i Gloppen
Dette er etter vårt syn eit viktig ledd i arbeidet med å stimulere til naudsynt uttak og kontroll av bestandane. Småfehald er ein viktig del av landbruket i Gloppen, og ein opplever stadig tap av lam på vårbeite grunna rev. For NJFF som organisasjon er sjølvsagt også predasjon på småvilt eit viktig argument for å stimulere til auka uttak av smårovvilt, og vi som lokallag ynskjer å fokusere meir på dette framover.
Minken er ein uønskt art i Noreg og gjer alvorleg inngrep i norsk fugle og dyreliv elles (http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/Publikasjoner-fra-DirNat/DN-rapporter/Handlingsplan-mot-amerikansk-mink-Neovison-vison/).

 
Organisasjonane er nøgde med at ordninga vert vidareført, og vonar at medlemmane våre aktivt nyttar seg av denne. Ta kontakt med underteikna for meir informasjon, eller direkte med ein av kontrollørane dersom du alt har kome i gang med jakt/fangst.

 
Kontrollørar for ordninga er:
Breim - Stian Hjelle 95027007
Hyen - Torger Eimhjellen 97039228
Sandane - Jon Bjarte Myklebust 90122039
Sandane - Kevin Skinlo-Denton 41925891

 
For jegerutvalet i GJFL

 
Kevin Skinlo-Denton.

​​

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.