Vedtekter
Publisert 08.02.2016 16:21
Oppdatert 07.03.2016 15:43

NORGES JEGER- OG FISKERFORBUND
SOGN OG FJORDANE

Vedtekne nye på årsmøtet 25.03.2000
Revidert 18.03.06
Godkjendt av NJFF 09.02.07

DEL I

§ 1. NAMN
Fylkeslaget sitt namn er Norges Jeger- og Fiskerforbund – Sogn og Fjordane, og er ein samanslutning av alle lag tilslutta Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane Fylke.


§ 2. FORMÅL
Fylkeslaget sitt hovudformål er det same som for NJFF sentralt:

Å ta vare på jakt- og fiskeinteressene igjennom å ta vare på naturen sitt produksjonsgrunnlag, og ved at ålmenta skal ha tilgang til å utøve jakt og fiske. Hovudmåla er:

- å være ein aktiv interesseorganisasjon som tek vare på medlemene sine interesser innan jakt, fiske, naturforvalting og friluftsliv.

- å sikre ei berekraftig hausting av vilt- og fiskeressursane våre, basert på tilgjengeleg kunnskap.

- å sikre at viltet og fisken blir hausta til glede for flest mogeleg motiverte utøvarar.

Arbeidet i fylkeslaget skal byggje på NJFF sitt gjeldande handlingsprogram og det årlege arbeidsprogrammet.

Fylkeslaget skal være bindeleddet mellom NJFF sitt sentralledd og lokallaga i fylket. Det har eit særleg ansvar med å ta vare på organisasjonen sitt formål elles på fylkesnivå.


§ 3. LEIANDE ORGAN
Laget sine leiande organ er:
a) Årsmøtet
b) Ekstraordinært årsmøte
c) Styret

Årsmøtet skal haldast kvart år innan 1. april.

Sentralleddet i NJFF har rett til å vera representert på års- og styremøta til fylkeslaget med talerett.
 

§ 4. ØKONOMI
Forbundet refunderer til fylkeslaget den del av kontingenten som landsmøtet fastset.
Fylkeslaget sitt årsmøte kan i tillegg fastsetje ein eigen kontingent til fylkeslaget som vert kravt inn saman med forbundskontingenten.
Fastsett fylkeskontingent skal meldast til forbundet innan 1. september.


DEL II

§ 5. ÅRSMØTE
Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan 1. april og skal veksla likt mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Årsmøtet skal kallast inn med 6 vekers skriftleg varsel. Framlegg som laga ynskjer å få handsama av årsmøtet skal vere styret i hende innan utgangen av januar.
Styret sitt framlegg til sakliste, årsmelding, rekneskap, evt. vedtektsendringar og andre saksdokument skal sendast til lokallaga seinast 2 veker før årsmøtet.
Lag med inntil 200 medlemer kan senda 2 representantar. Lag med fleire medlemer kan sende ytterlegare 1 representant for kvar påbyrja 200 medlemer, -maksimalt 6 representantar. Medlemer frå laga utnemnd av NJFF i sentrale utval og fylkesinstruktørar vert kalla inn til årsmøtet. Desse har talerett, men ikkje røysterett. Dersom dei møter som representant for eit lag har dei både tale- og røysterett på årsmøtet.


Årsmøtet skal handsama følgjande:
1. Konstituering av møtet
- Godkjenning av fullmakter
- Godkjenning av innkalling
- Godkjenning av saklista
- Godkjenning av forretningsorden
- Val av ordstyrar
- Val av sekretær
- Val av teljekorps
- Val av 2 representantar til å skrive under møteboka
2. Årsmelding frå siste kalenderår.
3. Revidert rekneskap frå siste kalenderår.
4. Innkomne saker med styret sitt framlegg til vedtak.
5. Andre saker som styret har sett opp på saklista.
6. Styret sitt framlegg til årsplan.
7. Fylkeslaget sin kontingentdel, med styret sitt framlegg til vedtak.
8. Styret sitt framlegg til budsjett.
9. Val av styre i medhald av § 7.
10. Val av valnemnd på 3 medlemer - mest mogeleg geografisk fordelt, for 3 år, ein person på val kvart år. Den av medlemene som har sete lengst, er leiar i valnemnda.
11. Val av 2 revisorar og eitt varamedlem for 3 år, ein person på val kvart år.
12. Val av utsendingar til landsmøtet (kvart tredje år).
Ungdomsansvarleg skal vere representert ved NJFF sitt ordinære landsmøte, og skal gå inn i kvoten til fylkeslaget.

Dersom ikkje noko anna er bestemt, skal alle saker avgjerast med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal er framlegg forkasta, unnateke ved personval, der ein skal foreta loddtrekking. Vala skal vera skriftlege dersom nokon av representantane krev det.

Ingen representantar har meir enn ei røyst. Styremedlemene i NJFF Sogn og Fjordane har ikkje røysterett i saker som gjeld årsmelding og rekneskap.


§ 6. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn av styret, eller når eit tidlegare årsmøte har bestemt det, eller minst 1/4 av lokallaga i fylket, eller forbundsstyret i NJFF krev det.

Ekstraordinært årsmøte, vedlagt sakliste, skal kallast inn med minst 14 dagars varsel. Møtet skal ikkje ta avgjerd i andre saker enn dei som er oppførde på saklista i innkallinga.


§ 7. STYRE
Laget vert leia av eit styre på 7 representantar, som består av leiar, nestleiar/sekretær, kasserar, ungdomsansvarleg, kvinnekontakt, fagleiar vilt og fagleiar fisk.
Fagleiar vilt og fagleiar fisk har fagansvar på kvar sine fagområde og førebur desse til styrebehandling.
Styret skal ha to vararepresentantar. 1. vararepresentant har hovudansvar for fagområde innan jakthund. 2. vararepresentant er ordinært varamedlem.
Fyrste vararepresentant vert innkalla til alle styremøte, og har røysterett når nokon av dei andre medlemene har forfall.
Andre vararepresentant vert også innkalla til fyrste styremøtet etter årsmøtet, og elles når faste representantar melder avbod. Styret har til ein kvar tid maksimalt 6 repr. med stemmerett.
Ved likt røystetal har leiar dobbeltrøyst.

1. Styret vert vald for 2 år om gongen. Leiar, kasserar, fagleiar vilt og kvinnekontakt vert valde i år med like årstal. Nestleiar/sekretær, ungdomsansvarleg og fagleiar fisk vert valde i år med ulike årstal.
2. Varamedlemene vert valde for 1 år om gongen.

Fylkesinstruktørane og andre fagpersonar er fagleg underlagt NJFF, og tiltrer fylkesstyret etter behov med tale og forslagsrett.


§ 8. STYRET SITT ARBEID
Styret skal:
1. Representere fylkeslaget, utøve administrativt mynde, handheve vedtektene og ivareta fylkeslaget sine interesser ut mot dei lokallaga som er tilslutta laget og regionale styresmakter.
2. Medvirke til å opprette nye lokallag og eventuelt medvirke til å slå saman lokallag der det er naturleg, og hjelpa desse med råd og opplysningar.
3. Førebu, handsame og vedta saker av interesse for laga i fylket.
4. Halde møter med lokallagsleiarar/-styre for drøfting av viktige saker av felles interesse samt ta initiativ til kurs, møte o.l.
5. Sende saker til høyring i lokallaga.
6. Fastsetje tid for ordinært og eventuelt ekstraordinært årsmøte.
7. Leggje fram årsmelding og rekneskap med revisorrapport kvart år om laget si verksemd i kalenderåret.
8. Utarbeide framlegg til årsplan og budsjett for komande år.
9. Sende årsmelding og rekneskap samt årsmøtereferat med ajourført liste over tillitsvalde til NJFF og lokallaga seinast 1 månad etter årsmøtet. Føreslå nyval dersom tillitsvalde ikkje oppfyller instruksen, også om dei ikkje står på val.
10.  Styret kan oppnemne eigne arbeidsutval. Styret utarbeidar arbeidsinstruks  for desse.
11. Gjere framlegg om tildeling av eventuelle heidersteikn.
12. Utnemne fylkesinstruktørar.
13. Utarbeide instruks for tilsette i fylkeslaget.
14. Styret utarbeidar instruks for styremedlemer og instruktørar.
15. Vere representert ved stemner og arrangement på fylkesnivå.
16. Arbeide for lags- og medlemsfordeler, herunder drive informasjon om økonomisk støtte til fylkeslag og lokallag.
17. Avgjere tvistar mellom laga. Avgjersla kan ankast inn for årsmøtet i fylkeslaget.

Styret er vedtaksført når minst halvdelen av styret er tilstades. Vedtak vert avgjort ved simpelt fleirtal. Ved likt røystetal er framlegg forkasta. Det skal førast protokoll frå kvart styremøte.


§ 9. VEDTEKTSENDRINGAR
Vedtektsendringar (del II) kan gjerast av årsmøtet. Til gyldig vedtak vert det kravt 2/3 fleirtal av dei representantane som er tilstades på årsmøtet.
Vedtektsendringar skal godkjennast av Representantskapet i NJFF.

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.