Ein leir for deg som er ungdom frå 15 år og oppover. Villmarksleiren rullerer mellom Sogn og Fjordan og Hordaland annakvart år og vert arrangert av NJFF (somme tider i samarbeid med 4H) i desse to fylka.
Vi søv ute eller inne.
Aktivitetane varierer litt frå år til år.
19.-21. februar 2016 (helga i vinterferien til Hordaland og Sogn og Fjordane), Nordfjord Fritidssenter i Stryn kommune. Deltakarpris NJFF og 4H-medlemer: kr. 500Deltakarpris ikkje-medlemer: kr. 600
All mat og aktivitetar er inkludert i prisen. Transport til og frå leiren er ikkje inkludert.
Påmelding innan 25. januar til sognogfjordane@njff.org Invitasjon med informasjon om leiren: Invitasjon villmarksleir 2016.pdfVillmarksleiren har ei eiga facebookside:
/fylkeslag/sognogfjordane/book.com
I år kan ein velje mellom revejakt, topptur, renne i skitrekk, isfiske eller matlaging i det fri. Andre aktivitetar ein kan vere med på er zipline, tautrekk (renn ned att med akebrett eller ski), natursti med morsomme aktivitetar osv.
Det er mogleg å leige ski til topptur eller for å vere i trekket.