Fiske i Aurlandselva 2017
Arne Veum
Publisert 05.04.2017 12:54
Oppdatert 05.04.2017 12:54
Aurland jakt og fiskelag tilbyr fiske etter sjøaure i fem fiskesoner i Aurlandselva. Fiskesesongen varer frå 01.07 – 10.09.17. I september er det berre tillate å fiske med flue og det skal praktiserast fang og slepp.
Fiske i Aurlandselva 2017
Søknadsfrist for å tinge fiskedagar for sesongen 2016 vert 15. mai

​​​

Søknadsfrist for å tinge fiskedagar for sesongen 2016 vert 15. mai med tildeling medio juni.

Det er døgnkvote på ein sjøaure per fiskar per døger. Minstemål er 35 cm. Laksen er freda. Laks som vert fanga skal handsamast varsamt, og setjast attende i elva. Det same gjeld sjøaure som skal setjast attende. Når kvoten med sjøaure er fanga, skal fisket avsluttast. Dette er bestemt av lokalt fagråd for Aurlandselva.

Reiskap: Det er lov å fiske med mark (ikkje i september) og fluge. Ved markfiske skal det brukast splitt eller kulehagl. Andre søkkjer og bruk av dupp er forbode.  

I alle soner (nr.3, 4, 6 og 7) unnateke sone 1., er det mogleg å løyse to fiskekort slik at to kan fiske saman/samstundes. Fangstavgrensinga gjeld per kort. Det er den som får tildelt sona som avgjer om ekstrakort skal løysast. Ønskje om kjøp av to kort må meldast i søknad. Kort nr. 2 har same pris som hovudkort. Sone 6 og sone 4 strekk seg frå kvar sin kant på området til Lunde Camping. Ta omsyn til campinggjestane.  Det skal ikkje parkerast på eller ved campingplassen. Tilkomst skal skje frå sone 6 og sone 4. Ta kontakt om noko er uklårt kring dette.

Prisar 2017

sone 1 (banken) kr. 150,-.

Sone 3 (Langehølen). kr. 250 for medlemar. Kr. 350 (ikkje medlemar).

Sone 4 (Tjorøyna). kr. 200,- ( 300,-)

Sone 6 (Klepphølen). Kr. 200,- ( kr. 300,-)

Sone 7 (Prestøyna).Kr. 150,- ( kr. 250,- gjeld i juli månad)

Sone 7. (Prestøyna)Kr. 250,- ( kr. 350,-(gjeld i august månad).

Minstevassføringa i Aurlandselva er 30 kubikk per sek. Regulanten har høve til å starte nedtrapping av vassføring frå 15. august. Nedtrappinga skjer gradvis og forsiktig, men for fiskarane er det greitt å vere merksame på at vassføringa frå denne datoen kan verte gradvis mindre fram mot fiskeslutt den 10.09. Hugs fangstmelding og skjellprøvetaking. Desse kan etter avslutta fiske leggjast i postkassar oppsett i fiskesonene eller eventuelt sendast til Arne Veum, Ytstebøen 5, 5745 Aurland. Epost kan også nyttast, sjå adresse under. Siste frist for rapportering vert 20. september 2017.  Rydd opp etter deg og ta med boss når du er ferdig med fisket. Vis respekt for reglane som gjeld i elva. Det vil verte utført oppsyn, og brot på reglar vil kunne medføre bortvising.

Søknad om fiske kan sendast til; arne@aurlendingen.no Eventuelt kan søknad sendast:

AJF Elveutvalet V/Arne Veum

Ytstebøen 5 

5745 Aurland. 

- Annonse -
Sponsor 2016 - 2018
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.