Fiske i Aurlandselva 2016
Arne Veum
Publisert 08.02.2016 00:36
Oppdatert 26.08.2016 13:56
Fiske i Aurlandselva 2016 Aurland jakt og fiskelag tilbyr fiske etter sjøaure i fem fiskesoner i Aurlandselva. Fiskesesongen varer frå 01.07 – 15.09.16. Fiskesesongen er framfor denne sesongen utvida både i forkant og i etterkant.
Fiske i Aurlandselva 2016
Eitt eksemplar av den vidgjetne Aurlandsauren

Fiske i Aurlandselva 2016
Sonekart

 

Søknadsfrist for å tinge fiskedagar for sesongen 2016 vert 15. mai med tildeling medio juni.

Det er døgnkvote på ein sjøaure per fiskar per døger. Minstemål er 35 cm. Laksen er freda. Laks som vert fanga skal handsamast varsamt, og setjast attende i elva. Det same gjeld sjøaure som skal setjast attende. Når kvoten med sjøaure er fanga, skal fisket avsluttast. Dette er bestemt av lokalt fagråd for Aurlandselva.

Reglar i utvidingsperiode

Komande sesong vert fisket i Aurlandselva utvida med vel tre veker. Elva opnar for fiske 1. juli, mot normalt den 10. juli. I opningsfasen vil reglar knytt til fangst og fiskeutstyr vert som tidlegare.  I forlenginga av sesongen, 1. 9 – 15. 9, vil det berre verte opna for flugefiske. Elles vert fangsavgrensinga som normalt, ein fisk (sjøaure)per kort/stong. Når det gjeld vassføring i september er ikkje det endeleg bestemt enno, men det må påreknast at denne kan verte noko mindre en det som er normal minstevassføring. Når du søkjer på fiskekort er det som er nemnt her noko du kan ha med deg. Minner elles om søknadsfrist som er sett til 15. mai. Fiskekort vil verte skrivne ut og tildelt medio juni.

Reiskap: Det er lov å fiske med mark og fluge. Ved markfiske skal det brukast splitt eller kulehagl. Andre søkkjer er forbod.  

I alle soner (nr.3, 4, 6 og 7) unnateke sone 1. er det mogleg å løyse to fiskekort slik at to kan fiske saman/samstundes. Fangstavgrensinga gjeld per kort. Det er den som får tildelt sona som avgjer om ekstrakort skal løysast. Ønskje om kjøp av to kort må meldast i søknad. Kort nr. 2 har same pris som hovudkort. I fjor vart  Sone 6 og sone 4  utvida ved at elvestrekket ved Lunde Camping vert delt mellom desse sonene. Ordninga held fram i år. All parkering ved fiske i dei to sonene skal skje på vanlege stadar. Det skal ikkje parkerast på eller ved campingplassen. Tilkomst til det utvida elvearealet skal skje frå sone 6 og sone 4. Ta kontakt om noko er uklårt kring dette. Ved utøving av fiske skal det  takast omsyn til gjester ved campingen.

Reglar i september

Det har diverre kome ut litt ulik informasjon om kva reglar som gjeld for fiske i september månad. På Aurland jakt og fiskelag sine soner vil det i september berre vere lov med flugefiske. Fangstavgrensinga er som elles i sesongen, ein sjøaure per løyst kort.

Når det gjeld vassføringa i september kan me ikkje gi nokon eksakt garanti for denne. Me vonar at tidlegare ønskje om minimum 20 kubikk per sekund vil verte ein realitet, men det er uvisst om regulanten vil sleppe vatn i eit slik omfang.

Ta elles kontakt med Arne Veum, tlf. 99 56 76 09, om du lurar på noko eller treng meir informasjon.

Prisar 2016

sone 1 (banken) kr. 150,-.

Sone 3 (Langehølen). kr. 250 for medlemar. Kr. 350 (ikkje medlemar).

Sone 4 (Tjorøyna). kr. 200,- ( 300,-)

Sone 6 (Klepphølen). Kr. 200,- ( kr. 300,-)

Sone 7 (Prestøyna).Kr. 150,- ( kr. 250,- gjeld i juli månad)

Sone 7. (Prestøyna)Kr. 250,- ( kr. 350,-(gjeld i august månad).

Minstevassføringa i Aurlandselva er 30 kubikk per sek. Regulanten har høve til å starte nedtrapping av vassføring frå 15. august. Nedtrappinga skjer gradvis og forsiktig, men for fiskarane er det greitt å vere merksame på at vassføringa frå denne datoen kan verte gradvis mindre fram mot fiskeslutt den 15.09. Det vert drøfta vassføring med E-CO for avslutninga av sesongen, men dette er ikkje klart enno. Det vil bli informert nærare om dette seinare.

Hugs fangsmelding og skjellprøvetaking (dersom du finn eigne posar til dette i fiskesona). I alle sonar unnateke sone 3 er det sett opp postkassar der dette kan leverast etter enda fiske. Rydd opp etter deg og ta med boss når du er ferdig med fisket. Vis respekt for reglane som gjeld i elva. Det vil verte utført oppsyn, og brot på reglar vil kunne medføre bortvising.

Søknad om fiske kan sendast til; arne@aurlendingen.no eller harald.skjerdal@.alb.no

For meir info; kontakt Arne Veum, 99 56 76 09 eller Harald Skjerdal, tlf: 478 74 374. 

Eventuelt kan søknad sendast:

AJF Elveutvalet V/Arne Veum

Ytstebøen 5 

5745 Aurland.

Etter hovudtildeling vert ledige fiskekort lagde ut for sal på turistinformasjonen i Aurland. Dette skjer vanlegvis rundt fiskestart den 1. juli. Sjekk opningstider på; www.sognefjord.no

NB! Interessa for fiske på Aurland jakt og fiskelag sine soner har auka dei siste sesongane. No vert rett nok sesongen utvida og me får fleire døgn til fordeling, men dersom fleire søkjer på same datoar og tidsrom så vil medlemar av laget verte prioritert. Det er ein fordel å teikne medlemsskap, og det gjer dei ved å gå til : http://www.njffbutikken.no/no/artiklar/medlemskap/sogn-fjordane/index.html  og vel Aurland

Helsing

Aurland jakt og fiskelag

Arne Veum

FISKESONER.jpg

TINGING AV FISKEDAGAR.doc

TINGING AV FISKEDAGAR.pdf

 

- Annonse -
Sponsor 2016 - 2018
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.