Fiske i Digernesvatnet
Publisert 01.07.2018 18:57
Oppdatert 01.07.2018 18:57
Fiske i Digernesvatnet
Fiske i Digernesvatnet
Minner om at Førde jfl har ein samarbeidsavtale med grunneigarar rundt Digernesvatnet. Alle som er medlemer i Førde jfl kan fiske, låne garn, båt og redningsvestar gratis. Utstyret er plassert i eit lite grindbygg ved vatnet nedanfor garden til Ingeborg og Per Ravndal. Båtane ligg ved ei flytebrygge rett attmed. Du treng ikkje å bestille, først til mølla! Du noterer lån av båt og fangstrapport i 2 bøker som ligg ei kasse i grindbygget.

​Slik finn du fram:
Digernesvatnet ligg øvst i Sundsdalen, 6-7 km frå Sunde. Køyr ca.1 km forbi krysset til Digernes, til du ser vatnet ned til høgre for deg. Parkering kan gjerast ulike stadar attmed hovudvegen. Gå 30 meter ned vegen mot bustadhuset på garden. På høgre side er det ei grind som er merka. Du går ca. 100 meter nedover eit beite mot vatnet!

Har du spørsmål - ta kontakt med:
Ingeborg tlf. 99046044 eller Per tlf. 91304334.

Ynskjer du å bli medlem i Førde jfl?
Ring 90565227 el. send e-post til: torunnrygg@hotmail.com

RIKTIG GOD FISKESOMMAR!

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.