skyting
Publisert 08.02.2016 00:40
Oppdatert 06.08.2018 21:03
Førde jakt - og fiskelag har skytebaner for leirdue - og rifleskyting i Kråkenesmarka, ca. 10 km frå Førde, i retning Askvoll. Skytebanene brukar å opne i månadsskifte april/mai. I juli brukar vi å ha feriestengt, men startar att i august. Det er mogeleg å ta storviltprøva og du kan prøve deg på "løpande elg". Banene stenger vanlegvis 1. september. Vi har utdanna instruktørar både for hagleskyting og rifleskyting. Ta kontakt om det er spesielle opplæringsynskje. Førde jfl har i fleire år arrangert eigne skytekveldar for kvinner. Dette er eit populært og godt tilbod i laget.
skyting
Trening på leirduebana

​​Har du spørsmål, ta kontakt med:

Geir Vie, leiar leirdueutvalet: tlf. 40030040.

Kåre Holme, leiar rifleutvalet: 90260270.

Aslaug Hjartholm Frivik, kvinnekontakt: tlf. 91130033.


 

Skytekveldane vert annonsert på facebooksida til Førde jakt - og fiskelag. Følg oss der! 

​​​

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.