Hytter
Kåre
Publisert 07.02.2016 21:09
Oppdatert 05.05.2019 10:46
Hytter
Kjelabu om vinteren
Hytter
Mannevassbu om vinteren
Me har to hytter til utleige.
​​​​​​​​​​​​Foreininga eig to hytter som står til medlemane sin disposisjon. Begge hyttene er godt utrustet. Det blir frakta inn ved til hyttene kvart år. Mat oppbevares ikkje på hyttene, det må tas med. Dei som leiger hyttene er ansvarleg for at hyttene er reine og ryddige når dei blir forlatt. Ein god regel er å forlate dei i den stand ein sjølv ynskjer å finne dei i.

Hyttene er utan innlagt vatn, men har solcelleanlegg med 12 volt, så du kan ta med mobillader.

 

Kjelabu

 

Hytta ligg mellom E 134 og Kjelavatn. Parkerar du ved Godtholstjønni, nedanfor brøytestasjonen, er det ca. 5 min. gange til hytta.

Kjelabu er ei tømre med to rom: stoge/kjøkkenkrok og eit soverom. Det er fire senger på soverommet, og i stoga er det ein sovesofa med plass for to.

Hytta er fullt utstyrt så du treng bare ta med deg sovepose, handkle, fyrstikker og dopapir. Det er lurt å ha med opptenningsblokkar pga. at veden kan vera noko rå. Utedo ligg ca. 20 m frå hytta.

Kjelabu kan også leigast av ikkje medlemar.

 

Mannevassbu - kun for medlemar som er fastbuande i Vinje kommune

 

Hytta ligg ved austre enden av Mannevatn. Det er ca. 2 til 3 timars gange til Mannevassbu frå Haukeliseter eller Ullevå, etter Turistforeiningas oppmerka stiar.

 

Hytta er ei brakke som påbygd to rom og kledd med tømmemannskledning. Hytta har bare tre rom: gang, opphaldsrom/soverom og eit soverom. Det er fire senger i soverommet og 2 senger i opphaldsrom/soverom.

Hytta er fullt utstyrt, så du treng bare å ta med sovepose, handkle, fyrstikker og dopapir. Ved ligg i gangen og utedo ligg ca. 50 m frå hytta.


 

 

Prisar pr. døgn:   Kjelabu             Mannevatn

lokal medlem          kr. 300,-                          kr. 300,-

andre medlem        kr. 300,-                         ----------

ikkje medlem          kr. 600,-                         ---------

 Haukli JFF- konto nr  26303471927

Prisene er pr. hytte pr. døgn, ikkje pr. person

Hyttene må tingast av leiaren i hytteutvalet som har oversikt over når hyttene er ledige og som har nykklar og tek imot leige.

 

Leiar i hytteutvalet: Kåre Hovden mobil: 99726270 e-post: haukelijff@nenett.no

- Annonse -
Fjellveterinæren
INatur
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.